NRK Meny

Laks på rømmen

Laks på kring ein kilo er på rømmen i Vadheimsfjorden. Det skriv Firda.no. Fiskeridirektoratet fekk i dag melding om rømminga som skjedde under avlusing. Det stod 120.000 fisk i nota. Seniorrådgjevar Geir Martin Kvamme hos Fiskeridirektoratet seier til NRK at holet var djupt i nota og at fisken stod høgt, så er det truleg ikkje snakk om ei stor rømming.