Hopp til innhold

Vart cupmeister med Førde i fjor – no vil han slå dei ut av cupen

I oktober vart Geir Eithun lagt inn på sjukehus med lungekollaps. I dag kan volleyballspelaren frå Førde få ein debut utanom det vanlege for Viking.

Geir Eithun i aksjon for Førde

SPENT: Geir Eithun vann cupen med Førde i fjor. I kveld skal han prøve å slå Viking, tidlegare Nyborg, eitt steg nærare cupfinalen i volleyball – på kostnad av Førde. – Eg bur i Bergen og er blitt 37-år. Eg er kome til eit punkt der eg må prioritere tida litt og ikkje kan ha heimekampar på bortebane og slikt lenger, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Geir Eithun har så vidt kome i gang med treningane etter nokre dramatiske dagar tidlegare i haust.

Smerter i brystet viste seg å vere lungekollaps og 37-åringen frå Førde fekk to døgn på Haukeland sjukehus.

– Eg er frisk, men har ikkje fått trena meir enn eitt par veker. Eg er langt ifrå i toppform, men kan spele i ulike posisjonar og er klar dersom behovet skulle dukke opp, seier han.

Møter gamleklubben

Øystein Bergum i mottak for Førde mot portugisiske Azores

SKADD: Førde-libero Øystein Bergum har fått meir problem med kneskaden etter europacupkampane og står over semifinalen mot Viking.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kveldens semifinale mellom Førde og Viking (tidlegare Nyborg) har mange aspekt rundt. Klubbane er mangeårige erkerivalar, bergensklubben sende i haust Førde ut av Nordic League, medan Førde snappa seriemeisterskapen rett framfor nasen på bergensarane førre sesong.

Eithun er spent før møtet med klubben han vart cupmeister med i januar.

– Eg trur det blir ein tøff kamp som kan slå begge vegar. Førde har vore, og er, uføreseielege. I periodar der det gjerne ikkje går så bra, så klarer ein likevel å hente fram det vesle ekstra i cupen, seier han.

Revansjelystne

Då dei to laga møttest i den innleiande runden av Nordic League, var det stor skilnad på laga. Bergensarane hadde god kontroll og vann kampen 3–1.

– Det overraskar meg om kampen i kveld blir lik den i Nordic League, seier Eithun.

– I den kampen var ikkje vi gode i det heile, og Viking er gode på heimebane, seier Førde-kaptein Mathias Loftesnes og kjenner seg trygg på at bergensarane vil få eit heilt anna møte med sunnfjordlaget i kveld.

Ikkje umogleg

Kenneth Søreng Jørgensen og Mathias Loftesnes i mottak

REVANSJE: Kenneth Søreng Jørgensen og Mathias Loftesnes fekk draumen om nordisk liga øydelagd av Viking. No vil dei ha revansje. – Vi byrjar å bli leie av å tape mot Viking. Vi har fått vår dose og er supermotivert for å slå tilbake, seier Loftesnes.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kampen i kveld er den første av to semifinalar. Returmøtet går i Bergen neste helg.

– Vi hadde ei god oppleving under cupfinalen i fjor, og den vil vi veldig gjerne oppleve igjen, held Loftesnes fram og meiner det ikkje er umogleg å tukte Viking.

– I Nordic slo vi dei ganske klart i eitt sett. Dersom vi får eit godt servepress, så har ikkje dei mottak og får store vanskar.

– Har utfordringar

– Vi har tapt litt no, og då er det vanskeleg å få ei kjempegod kjensle. Men vi veit kva vi har fått til, vi veit kva vi får til på trening og vi veit kva potensial vi har. Vi er sugne på å slå tilbake, seier Loftesnes.

Førde må klare seg utan libero Øystein Bergum som fekk eit lite tilbakefall på kneskaden etter europacupoppgjera.

– Også vi har utfordringar før kampen i kveld, men det er ikkje snakk om å spare spelarar til vi byrjar europacupen på onsdag. Cupen er viktig for oss, avsluttar Eithun.