Lagt bort sak etter dødsulukke

Påtalemakta har lagt bort saka mot ein lastebilsjåfør, etter ei frontkollisjon på fv 60 i fjor. Det skriv Fjordingen. Føraren av personbilen omkom. – Truleg har høgre hjulpar på lastebilen kome utfor den høge asfaltkanten. Då sjåføren forsøkte å få bilen opp att, fekk hjula tak og lastebilen skar over i motsett køyrefelt og frontkolliderte med den møtande personbilen. Det var glatt på staden, seier politibetjent Jan Tore Sunde til avisa.