Hopp til innhold

Lagmannsretten frikjente nordfjording for fyllekøyring

Ein 50 år gamal mann frå Nordfjord er frikjent for fyllekøyring i Gulating lagmannsrett. Domarane rettar samstundes hard kritikk mot politiet.

Det var laurdag 13. juni at mannen blei møtt av ein einsleg politimann i nærleiken av bustaden sin i ein tettstad i Nordfjord. Politimannen hevda å ha sett mannen køyre bil i rusa tilstand, og i tingretten blei mannen dømd.

Men nordfjordingen blånekta på at han hadde køyrd bil denne kvelden, og anka både skuldspørsmålet, lovbruken og sakshandsaminga vidare til lagmannsretten.

I Gulating blei det ord mot ord, og dommarane skriv i dommen at dei ikkje kan sjå vekk frå at tiltalte har rett i at han ikkje hadde køyrd bilen sin med alkohol i blodet.

– Lagmannsretten legg vidare vekt på at både den innleiande etterforskinga same kveld og den etterfølgande etterforskinga av saka har vore mangelfull, heiter det i dommen.

Dei peikar på at politimannen som retta mistanken mot nordfjordingen ikkje sjekka om bilen var varm etter den påståtte køyringa. Dei skriv også at ingen av naboane i området blei avhøyrd, slik dei burde ha blitt.

Lagmannsretten konkluderer med at tvilen i denne saka må kome tiltalte til gode, og har frikjent han for den påståtte promillekøyringa.