Hopp til innhold

Lagmannsretten forkasta anke

Dei tre sikta etter hotellbrannen i Selje må framleis sitte i fengsel. Det er klart etter at Gulating lagmannsrett har forkasta anka.

Selje hotel i brann

HOTELLBRANN: 37 personar vart evakuerte i samband med den dramatiske brannen i Selje Hotell.

Foto: Alvin Honningsvåg

Natt til 25. november vakna innbyggarane i Selje til sjokkbeskjeden om at det einaste hotellet i bygda var totalskadd i brann.

Brannen vart oppdaga av ein nabo klokka 03.35. Sjølv om rundt tretti personar frå brannvesenet i Selje, Vågsøy og Vanylven kjempa iherdig mot flammane vart det snart klart romfløya vart gått tapt og det var store røykskadar i kjøkken og matsal.

Ikkje før hadde sjokket med sjølve brannen gitt seg, så kom nyheita om at brannen var påsett og at styreleiaren, den eine av eigarane og den daglege leiaren var sikta for brannen.

Politiet meinte tidleg å seie kvar brannen starta. Ifølgje TV2 skal det ha vore fleire arnestadar og politiet skal ha funne fleire bensinkanner rundt hotellet.

2. desember vart dei tre fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. I dei to første vekene blir dei fengsla med full isolasjon.

Dei tre nektar for ha gjort det dei er sikta for, og før helga anka dei tre varetektsfengslinga til lagmannsretten. Onsdag vart klart at lagmannsretten forkastar ankane og dei tre vert dermed sitjande i fengsel.