Runde Fjeld meiner at arbeidssituasjonen i lagmannsretten aldri har vore betre enn ho er i dag. Han seier at lagmannsretten har fått ekstra ressursar frå i fjor haust, og at dei er i ferd med å nedarbeide antall saker som ikkje har blitt behandla.
Trugar rettstryggleiken
Bakgrunnen for at Louis Anda hevda at rettstryggleiken er i fare er at lagmannsretten avviste anken i ei sak frå Balestrand. Ein 20 år gamal mann vart i Sogn tingrett dømd til fengsel i eitt år og tre månader etter ei bilulukke der bror hans omkom. Anda meiner det var grunnlag for ei lågare straff, og meinte saka vart avvist fordi Gulating har eit svært høgt arbeidspress.
Anda meiner at lagmannsretten har så mykje å gjera at terskelen for å få fremje ei anke etterkvart har blitt for streng. - Dette kan gå utover rettstryggleiken, seier Anda.
Avviser påstanden
Men førstelagmann Rune Fjeld seier altså at arbeidssituasjonen i Gulating er betre enn på lenge, og at eit stort arbeidspress uansett ikkje skal verke inn på om sakene blir behandla i lagmannsretten eller ikkje.
- Nå kan ikkje eg uttale meg om denne saka, for av dei nesten 1000 straffesakene me har, har eg ikkje satt meg inn i akkurat denne. Fjeld meiner at Anda ikkje har nokon haldepunkt for å påstå at ikkje kvar enkelt ankesak går gjennom ei grundig vurdering.
Tre dommarar vurderer kvar sak
Når det gjeld det med å ikkje sleppe inn ei ankesak i lagmannsretten, seier Fjeld at ei slik avgjerd blir tatt av tre dommarar. - Tre uavheninge vurderingar ligg til grunn før det blir avjort at ei sak ikkje vil bli teke opp att i lagmannsretten, avsluttar han.