– Dei hadde ein enorm «drive», og var veldig seriøse gutar heilt frå dei var unge

STRYN (NRK.no): Dei fleste idrettslag er nøgde med å få fram ein idrettsutøvar i landstoppen i ny og ne. Ein sjeldan gong dukkar det opp to på éin gong. Så kva i all verda er det med gullårgangen til Stryn?

Lagbilete gutelaget til Stryn

GUTELAGET I 2003: Her er gutelaget til Stryn/Hornindal, som vart krinsmeistrar i 2003. Tarjei Bø står bak til venstre. Per Egil Flo sit som nummer tre framme frå venstre, medan Ulrik Flo er nest lengst til høgre på den samme rekka. - Dette var nok høgdepunktet for dei som gutespelarar. Dei var ein kjekk gjeng å ha med å gjere, seier gutelagstrenar Tor Guddal.

Foto: Privat

– Dei hadde ein enorm «drive», og var veldig seriøse gutar heilt frå dei var unge. Kanskje med Per Egil og Mats i særklasse. Det er nok det som har gjort at dei har komme dit dei er no, seier Dagmund Evebø.

Han er trenar for Stryn sitt A-lag i fotball, og det var han også då eit kull med heilt eksepsjonelle utøvarar banka på døra til seniorfotballen for litt over ti år sidan.

I løpet av eit par årgangar dukka det opp fire kjende namn: Per Egil Flo, Tarjei Bø, Ulrik Flo og Mats Solheim. Førstnemnde kom innpå i landskampen mellom England og Norge på onsdag.

– Det var artig. Vi berre køyrde på!

Saman med trenarkollega Johann Sigurdsson møter Evebø NRK.no på Stryn stadion, der det heile starta på byrjinga av 2000-talet. Bygda fekk kunstgrasbane, og ein hard kjerne av gutar nærast budde på stadion - der dei pusha kvarandre framover i leik med lærkula.

Per Egil Flo, Tarjei Bø og Ulrik Flo er fødde i 1988 og 1989, og var ein del av den samme kompisgjengen. Seinare fekk dei selskap av 1987-modellen Mats Solheim, som kom frå Loen og slutta seg til A-laget.

– Eg minnest miljøet som veldig samansveisa. Alle ville i samme retning, vi ville vinne 3. divisjon og score mykje mål. Så vi var veldig offensive, og det var artig å spele på den tida. Vi berre køyrde på, mimrar Solheim.

No er nordfjordingen fast inventar på Kalmar i svensk toppfotball. Per Egil Flo har spelt seg til fast plass på Molde, og kan bli serie- og cupmeister denne sesongen. Han har også debutert på landslaget. Ulrik Flo er nøkkelspelar på Sogndal i eliteserien.

(Artikkelen held fram under videoen)

Dei fleste idrettslag er nøgde med å få fram ein idrettsutøvar i landstoppen i ny og ne. Ein sjeldan gong dukkar det opp to på éin gong. Så kva i all verda er det med gullårgangen til Stryn...?

MIMRAR: Johann Sigurdsson (t.v.) og Dagmund Evebø meiner spelarane sjølve kan ta mykje av æren for at dei vart så gode. På éin og samme gong kom Per Egil Flo, Mats Solheim og Ulrik Flo på A-laget i Stryn - og no gjer dei suksess i toppfotballen. Video: Rune Fossum

Ein av gutane enda som verdsmeister

Den einaste frå gjengen som ikkje fekk A-kampar for Stryn eller vart profesjonell fotballspelar, er Tarjei Bø. Han enda like godt som skiskyttar i verdsklasse.

Bø har sju VM-gull og eitt OL-gull i premiesamlinga...

– Det som var spesielt, var at det var så høgt nivå blant oss. Eg var ein grei fotballspelar, men eg vart forbigått av spesielt Ulrik og Per Egil - og kanskje Christian Holko også - som var hakket vassare, seier han.

– Det var kanskje det som gjorde at eg satsa på skiskyting og ikkje fotball.

– Det må ha vore eit spesielt miljø?

Alle ville knuse dei andre, og då blir det eit ganske rått miljø

Tarjei Bø

– Ja. Det var veldig kjekt, først og fremst. Heile gjengen hadde ekstremt høgt konkurranseinstinkt. Det var full pinne heile tida - både på trening og i friminutt på skulen. Det prega nok oss alle. Alle ville knuse dei andre, og då blir det eit ganske rått miljø, seier Bø.

Han trur det er mykje av grunnen til at så mange frå éin kompisgjeng har blitt toppidrettsutøvarar. I tillegg trekkjer han fram fordelen med å komme frå ein liten stad - der ein kan sykle og gå til trening, og der det var lett å samle seg til trening og leik på fotballbana.

– Og så var det jo bra å ha «floarane» i vennegjengen. Dei er fødde og oppvaksne med fotball, og visste kva som skulle til for å bli god, seier Bø.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video baabab80-43c0-4238-af72-4c6b2fee7b02.jpg

RØRANDE: Tarjei Bø tek til å grine når det går opp for han at VM-gullet er i boks.

Viktig med eldre og rutinerte spelarar

– Tarjei gjorde nok eit rett val, sjølv om også han var ein god fotballspelar. Det er berre å sjå på karrieren hans i skiskyting. Men også han «budde» på stadion her, og han kunne ha nådd langt om han hadde satsa på fotball, seier Johann Sigurdsson.

Han legg til:

– Eg oppmodar ofte unge spelarar om å bli gode i lag, og denne gjengen gjorde det - og dei pusha kvarandre framover. Dei unnar kvarandre suksess, og er fantastiske typar. Slikt er viktig for miljøet.

Per Egil tok ei skikkeleg Zlatan-finte på meg. Dei som såg det meiner eg er svimmel enno...

Dagmund Evebø

Evebø understrekar samstundes kor viktig det er å ha eldre spelarar i stallen når unge talent er i ferd med å slå ut i blomst. Såkalla kontinuitetsbærarar.

– Dei er heilt avgjerande å ha rutinerte spelarar rundt dei unge. Denne gjengen hadde evnen til å ta opp læring frå dei som hadde erfaring.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Egil Flo (t.v.) og Ulrik Flo i 2005

UNGE FLOARAR: Per Egil (t.v.) og Ulrik Flo i aksjon for Stryn under opprykkskampen mot HamKam i 2005. Like etter gjekk Per Egil til Sogndal. Ulrik følgde etter midtveges i den påfølgjande sesongen.

Foto: Stig Høynes (montasje)

– Ein gyllen årgang i Stryn

Sigurdsson har teke med seg eit lagbilete av A-laget til Stryn frå 2005. Stryningane herja i 3. divisjon, vann avdelinga to år på rad - men klarte ikkje å rykkje opp gjennom kvalifiseringskampane.

– Det er den siste generasjonen av fotballspelarar som vi har eksportert ut av klubben. Dei er ein gyllen gyllen årgang i Stryn, seier Evebø.

Han peikar på unge utgåver av Solheim og to blad Flo. Dei var sentrale allereie den gongen - Solheim mellom anna med tre (!) mål på fem minutt i opprykkskamp mot HamKam2 på heimebane samme hausten.

– Frå å vere back og keeper på Loen, fekk eg sjansen til å spele lenger framover på bana, der eg fekk mange sjansar og scora mykje mål. Det var spesielt å score tre mål mot HamKam, seier Solheim.

– Vi spelte fin fotball. Den sesongen var det også mykje merksemd rundt Stryn. Og det var veldig mykje folk på kvalikkampen. Det er synd at vi ikkje rykte opp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stryn sitt A-lag frå 2005

GJENNOMBROTET: Stryn sitt A-lag tok 3. divisjon med storm i 2005 og 2006. Laget var ei blanding av gammalt og ungt, med Mats Solheim, Ulrik Flo og Per Egil Flo som dei kanskje mest talentfulle. Blant dei meir rutinerte var kjende strynenamn som Per Ole Tenden, Jon-Terje Tjellaug og Trond Leirgulen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Gjorde nok mesteparten av jobben

Dei fleste idrettslag vil vere nøgde med å få fram ein toppidrettsutøvar i ny og. Her fekk Stryn plutseleg fram fire karar i landstoppen - og frå den samme kompisgjengen.

– Det har vore kultur for å få fram gode spelarar i Stryn i tidlegare tider. No er det nokre år sidan sist, men vi jobbar med det framleis. Dei vi snakkar om her vaks opp med den første kunsgrasbana i Stryn frå 2000, og denne gjengen flytta bortimot inn der, fortel Sigurdsson.

– Dei hadde gode trenarar frå dei var små, men gjorde nok for det meste jobben sjølv. Kompisane møttest og spelte fotball i timesvis utpå bana her, legg han til.

Fekk lov til å spele med dei vaksne

Per Egil Flo har denne sesongen debutert for det norske A-landslaget under Per-Mathias Høgmo. Men allereie i 2004 vart han lagt merke til i lokalfotballen. Då fekk han som 15-åring dispensasjon til å spele seniorfotball.

Evebø blir den dag i dag framleis mobba etter at han gjekk på ei finte frå den unge og respektlause floraren:

– Han tok ei skikkeleg Zlatan-finte på meg, og dei som såg det meiner eg er svimmel enno. Det er sikkert ikke langt unna sanninga, ler han.

– Eg hugsar at han nesten aldri slo bort ballen. Per Egil imponerte meg stort allereie som 15-åring, seier Sigurdsson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johann Sigurdsson og Dagmund Evebø på stadion

HER STARTA DET: Johann Sigurdsson (t.v.) og Dagmund Evebø hugsar godt då dei unge talenta banka på døra til førstelaget. No er det om lag ti år sidan Per Egil Flo, MAts Solheim og Ulrik Flo debuterte på Stryn stadion.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dei er framleis dei samme gutane

Sigurdsson var trenar for Stryn i 2004, og var deretter to sesongar i Sogndal. Der var han med på å hente trioen frå Stryn til 1. divisjonsspel på Fosshaugane.

– Slik dei spelte og med den innsatsen dei la ned, var det naturleg at dei tok eit steg vidare. Og det var kjempefint for Stryn, konstaterer Evebø.

– Kva tenkjer du om det som har skjedd vidare?

– Det har vore kjempekjekt å følgje utviklinga deira. Det er kjekt å sjå Per Egil på landslaget, og han har vore god på Molde. Mats er tilbake etter kneskaden sin, spelar back og gjer det kjempebra i Sverige.

Evebø stoppar opp litt. Så legg han til:

– Det kjekkaste av alt, er at dei ønskjer å vere med oss og trene når dei er heime i bygda. Dei er dei samme gutane framleis.


Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.