Hopp til innhold

Låge tunnelar lagar problem for næringslivet i Sogn og Fjordane

Låge tunnelar i Sogn og Fjordane skaper problem for næringslivet. Strynefjellet er ein av dei største flaskehalsane. Men også i Gulen er høgda på tunnelane eit problem.

Undalstunnelen på fv 57 i Gulen

UNDALSTUNNELEN I GULEN: Tunnelen er ein av mange tunnelar som ikkje har standardhøgde, på 4,5 meter. Men den er ein av dei få tunnelane som vil bli utbetra i løpet av neste år.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Mange tunnelar i Sogn og Fjordane er under 4,2 meter, noko som gjer at dei største vogntoga ikkje kan køyre igjennom.

I Gulen gjeld er Undalstunnelen og tunnelane mellom Instefjord og Brekke under standard høgde.

– Det går jo utover alle som driv næring i Gulen, enten det er turisme, fiskeoppdrett jordbruk eller skogbruk. Vi får ikkje varene fram om ikkje tunnelane er høge nok. Det er ille.

Problem for bøndene

Halvor Brosvik er bonde i Gulen og seier tunnelane skaper problem også for mange bønder fordi dei ikkje får kjøpt grovfôr utanfrå.

– Fleire med meg treng å få tilført fôr. Lastebilane kjem då gjerne frå Austlandet eller Sverige. Dei er ofte så store at dei ikkje kjem gjennom dei tunnelane vi har her.

Regionvegsjef Nils Magne Slinde vedgår at fleire tunnelar i fylket burde vore utbetre slik at dei vart høgare.

– Vi ønskjer jo at fleire av tunnelane våre skulle vere høgre og hatt fleire møteplassar.

Vil utbetre Undalstunnelen

Han seier at det er planlagt å gjere Undalstunnelen høgare i løpet av komande år. Men politikarane har ikkje sett av midlar til å gjere det same i mange av dei andre låge tunnelane.

– Det er ikkje lagt inn spesielt med midlar til tunnel rehabilitering.

Brosvik fortel at dei store vogntoga kjem opp i fleire trafikkfarlege situasjonar på grunn av dei låge tunnelane.

– Sjåføren må gjerne rygge ein tre-fire kilometer tilbake for å få snu. Det er farefullt så sjåføren må vite kva han gjer på.