NRK Meny
Normal

Lagde konkurranse av truck og kran-køyring

Øving i stor kran. Øving i pallejekk. Kappestrid med liten og stor gaffeltruck. I Florø går dei nye vegar for å lære om HMS.

Ny konkurranse i Florø med fokus på HMS.

ARTIG VRI: Sjå filmen frå Florø-meisterskapen i truck. Film: Truls Kleiven.

Denne første Florø-meisterskapen i truck vart arrangert torsdag.

– Dette er ein uhøgtideleg ferdigheitskonkurranse med eit skikkeleg seriøst bodskap i botnen.

Det seier Asgeir Øvrebotten, operasjonssjef Vestbase avdeling Florø.

Han var ein av arrangørane av konkurransen. Målet er å selje HMS (Helse, Miljø, Sikkerheit) på ein morosam måte.

– Vi ville auke kompetansen til dei tilsette og skape ein tryggare base. Konkurransen set ulike avdelingar opp mot kvarandre i forskjellige kappestridar som liten og stor truck, øving i stor kran, øving i pallejekk, eiga HMS-løype, fortel Øvrebotten.

– Eller som Arne Scheie ville sagt på ein slik dag: Det er ein fantastisk kveld for truckarar, smiler operasjonssjefen.

Asgeir Øvrebotten

SJEF: Asgeir Øvrebotten, operasjonssjef Vestbase avdeling Florø. Skjermdump frå filmen.

Foto: Truls Kleiven

Vandrepokal

Om lag 90 personar deltok i konkurransen som er eit samarbeid mellom Vestbase og Saga Fjordbase.

– Til å byrje med var folk litt skeptiske, men no ser dei at dette er bra. Det kravde eit stort apparat i framkant. Frå store kraner til små sveler på kaia, seier Øvrebotten.

No er håpet at konkurransen blir årviss. Saga Fjordbase vann konkurransen i år, og dermed det første nappet i vandrepokalen.

– Det er alltid surt å tape, men det viktigaste for meg er entusiasmen. Det var mykje smil og glede. Til og med taparane lo, seier Øvrebotten.

– Og det var premiar til alle. Alt frå pengepremiar til gåvekort, popkorn, kinobillett – og skjønnheitskrem. Det var fleire karar i 50 og 60-årsalderen som vann skjønnheitskrem, ler Øvrebotten.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast