Hopp til innhold

Ny rapport slår fast: E39 er blant dei dårlegaste i Europa

Ein ny rapport gjev ein knusande dom over E39 gjennom Sogn og Fjordane. Vegen har lågast standard og snittfart i heile Europa.

Vatn i vegbana på E39 ved Bogstunnelen

DÅRLEG VEG: Ein er i gang med utbetring av fleire parsellar av E39, som her ved Vadheim. Men svært mykje står att.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er Opplysningsrådet for vegtrafikken som no legg fram rapporten som syner at E39 er ein av dei dårlegaste europavegane i Europa.

Spesielt dårleg er det i både Hordaland og Sogn og Fjordane.

Leiar for politikk og strategi Vilfrid Femoen i Opplysningsrådet er ikkje overraska over funna dei har gjort om stamvegen gjennom fylket.

Heilt på botn

Vilfrid Femoen
Foto: ovf.no

– Både Hordaland og Sogn og Fjordane er heilt på botnnivå i Europa i høve til reisetid. Dette er veldig alvorleg, for her er det snakk om europavegane våre, som er internasjonale hovudtrafikkårer som skal vere sikre og effektive, seier Femoen til NRK.

Mellom Lavik og Skei har kun 50 prosent av vegen gul midtline. Yrkessjåførar har i mange år klaga sin naud over vegen. Helsefarleg, trafikkfarleg og øydeleggande for bilane er nokre av argumenta som har kome.

For tålmodige

Femoen er heilt samd i den kritikken som har vore reist opp gjennom åra. Ho meiner at vestlendingane må stå meir på krava.

– Vi er altfor tålmodige når det gjeld å krevje betre vegar og raskare utbyggjing, meiner ho.

Magnhild Meltveit Kleppa

LOVAR: Magnhild Meltveit Kleppa forsikrar at E39 er ein veg styresmaktene vil gjere noko med.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

Lovar forbetringar

I dag kjem mellom andre samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa til E39-konferansen i Førde.

Ho meiner at styresmaktene no gjer det dei kan for å få ei opprusting av stamvegen, som strekkjer heilt frå Aalborg i Danmark til Trondheim.

– Det trengst svære forbetringar, det skal vi no gjera noko med, seier Kleppa.