Hopp til innhold

Lågare trafikk enn venta på Dalsfjordbrua

Då Dalsfjordbrua mellom Askvoll og Fjaler vart bygd, venta ein årsdøgntrafikk på 750 bilar. Tala frå januar til august syner at det i snitt berre er 613 bilar som passerer brua i døgnet.

Dalsfjordbrua

FERSK BRU: Dalsfjordbrua mellom Fjaler og Askvoll opna 14. desember 2013.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er eg godt nøgd med. Då ligg vi godt i rute samanlikna med dei trafikkprognosane som vart laga for dette sambandet før brua vart bygd, seier Fjaler-ordførar Arve Helle.

Dalsfjordbrua opna i desember 2013 etter 40 år med kamp. Ferjeturen mellom Dale og Eikenes vart erstatta med bru over fjorden, noko som reduserte reisetida mellom dei to kommunane Askvoll og Fjaler monaleg.

Meiner dei ligg godt an

Ni månadar etter opninga er ein framleis eit godt stykke unna den venta årsdøgntrafikken på 750 bilar.

– Det er rett. Men samtidig må ein hugse på at Vegvesenet heile tida har sagt at ein på eit nytt samband må rekne mellom to til fem år før eit endeleg trafikkmønster har innarbeidd seg, seier Helle.

Arve Helle

NØGD: Fjaler-ordførar Arve Helle meiner trafikken over Dalsfjordbrua er god, og tvilar ikkje på at dei når årsdøgnsprognosen på 750 bilar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han meiner trafikken ligg godt an, sett i lys av dette.

– Vi er over 600 i snitt, og det er før eitt år er gått. Det er iallfall langt over 45 bilar i døgnet, som vi vart latterleggjorde med i kampen for å få bygd denne brua, seier Helle.

Han meiner Dalsfjordbrua er i ferd med å rettferdiggjere sin eksistens.

– Heilt klart. Eg har aldri vore i tvil om det, og det meiner eg desse tala også underbyggjer, seier Helle.

(Artikkelen held fram under biletet)

I 1995 hadde sambandet allereie fått kallenamnet Skandalevegen. Kritikarane meinte det var altfor mykje pengar å bruke på dei få som kom til å få bruk for den. Men laurdag opnar endeleg Dalsfjordsambandet som knyt saman Fjaler og Askvoll i Sogn og Fjordane.

Treng meir tid for å få sikre tal

I slutten av mars synte tal frå Vegvesenet at 565 køyretøy i snitt passerte brua i døgnet. Det betyr at trafikken har auka det siste halvåret.

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde har tidlegare sagt til NRK at ein må sjå heile året under eitt før ein kan konkludere.

– I Sogn og Fjordane er det stor variasjon mellom vinter- og sommartrafikk. Vi treng minst eitt år, kanskje fleire, før vi kan slå fast kor mykje trafikk det er på dette sambandet, sa Slinde til NRK.no i mars.