Hopp til innhold

Sidan snora vart klipt har 44.648 køyretøy passert over brua - det er færre enn venta

Over 44.000 køyretøy har kryssa Dalsfjordbrua sidan opninga i desember. Men døgntala er likevel lågare enn det Vegvesenet hadde rekna med.

Opning av Dalsfjordbrua

OPNA I DESEMBER: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes stod for den høgtidelege opninga av Dalsfjordbrua i desember i fjor. Sidan då har over 40.000 køyretøy passert på det nye sambandet.

Foto: Alf Vidar Snæland

750 køyretøy i døgnet er det Statens vegvesen ut frå sin prognose meinte ville krysse den nye brua mellom Askvoll og Fjaler.

Men sidan opninga for litt over tre månader sidan har det i snitt passert 565 køyretøy i døgnet, fortel avdelingsdirektør Nils Magne Slinde.

Han understrekar at dei først etter eit heilt år kan seie om trafikken har vore mindre enn dei hadde rekna med.

– Vi er godt innanfor det usikre intervallet slike trafikkprognosar har, så vi må vere tolmodige før vi kan seie noko om det endelege resultatet, seier Slinde til NRK.no.

Går opp frå januar til februar

Etter 40 år med kamp stod den etterlengta Dalsfjordbrua ferdig i midten av desember i fjor. Ferjeturen mellom Dale og Eikenes blir erstatta med veg over ei høgtsvevande bru, og reisetida mellom dei to kommunane er no betydeleg kortare enn før.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

TEK TID: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen understrekar at det vil ta minst eitt år før ein kan konkludere om trafikkmønsteret over Dalsfjordbrua.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Når Vegvesenet byggjer nye vegar reknar dei på kor mykje trafikk det er venta at vegen vil få. Dette er mellom anna med å avgjere kva standard vegen skal ha.

For Dalsfjordsambandet gjekk Vegvesenet ut frå at det ville vere i snitt 750 køyretøy i døgnet. Men så langt har ikkje trafikken vore så stor.

Tal frå Vegvesenet viser at det i snitt passerte 499 bilar i døgnet i januar, medan talet for februar er 539 køyretøy i snitt.

– Vi treng minst eitt år

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde seier det er alt for tidleg å seie om dette vil halde seg.

– I Sogn og Fjordane er det stor variasjon mellom vinter- og sommartrafikk. Det kan godt hende vintertrafikken er halvparten av snittet, medan sommartrafikken er det doble av snittet.

– Vi treng minst eitt år, kanskje fleire år, før vi kan fastslå kor mykje trafikk det er på dette sambandet, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under)

Arve Helle

NØGD: Arve Helle har vore ein ivrig forkjempar for Dalsfjordbrua. Han er godt nøgd med dei førebelse trafikktala.

Foto: Birger Meland / NRK

– Mangedobling

Sidan opninga 14. desember i fjor til byrjinga av mars i år har totalt 44.648 køyretøy kryssa Dalsfjorden over brua.

Brua opnar opp for heilt andre moglegheiter sidan folk ikkje lenger treng bry seg med rutetabellen for ferja som før knytte kommunane saman.

Talet køyretøy som gjekk over fjorden mellom Dale og Eikenes var ifølgje Fjaler-ordføraren på rundt 50 i døgnet. Det var også mange som reiste med ferja utan bil.

– I forhold til trafikken som var på ferja snakkar vi om ei mangedobling, seier Slinde i Vegvesenet.

Ordførar: – Dette er gode tal

Ordførar i Fjaler og mangeårig bruforkjempar, Arve Helle, er så langt svært godt nøgd med trafikktala.

– Vi ser at talet går opp frå januar til februar, og vi må hugse at dette er eit samband som berre har vore ope sidan desember. Eg meiner dette er gode tal, seier han.

Han legg ikkje skjul på at brua er til stor nytte i kvardagen for folk, på begge sider.

– Når tida går vil vi også få stadig meir bruk for brua, dette fordi vi bli meir bevisste på at den er der, seier han.

– Tilpassing tek tid

Nils Magne Slinde i Statens vegvesen viser også til dei mange moglegheitene brua opnar opp for. Dette gjer at ein først om ei tid vil kunne konkludere rundt trafikktala, meiner han.

– Sambandet gir nye moglegheiter for både pendlarar og næringsliv.

– Men det tek tid for næringslivet og bustadmarknaden å tilpasse seg dette. Dette er medverkande til at det vil gå fleire år før ein veit korleis trafikken over brua vil vere, seier han.