Hopp til innhold

Lagar trehand for å støtte ME-sjuke

I over ein månad har ein innsamlingsaksjon for forsking på ME-sjukdom rulla og gått. Karina Hetle Solheim i Viksdalen vart så rørt at ho berre måtte gjere noko for å hjelpe.

Karina Hetle Solheim

VILLE HJELPE: Karina Hetle Solheim seier ho glatt ville gitt sju millionar til forsking på ME-sjukdom, men når ho ikkje har det valde ho å få kunstnaren som var på garden til å lage denne symbolske handa i staden.

Foto: Privat

Foreininga MEandyou er starta og driven av legen Maria Gjerpe frå Oslo, som sjølv er ME-pasient. No prøvar ho å samle inn sju millionar kroner på 90 dagar for å restfinansiere forsking på 140 pasientar med sjukdomen myalgisk encefalomyelitt (ME) ved Haukeland sjukehus i Bergen.

Ein av dei som har fatta interesse for aksjonen er Karina Hetle Solheim ved Fosseheimen nasjonalpark i Viksdalen. Natt til fredag var ho i fjøsen og følgde med på lamminga då ho kom over aksjonen på nettet.

Første innfall var at her måtte ho gjere noko for å hjelpe, og allereie laurdag står resultatet så å seie klart. Ho har no besøk av motorsagkunstnar Arne Askeland frå Osterøy som lagar figurar ut av tre som skal stillast ut på ein sti i nasjonalparken som heiter «Betringens veg».

  • LES MEIR OM AKSJONEN HER.

Måtte gjere noko

Då Solheim bad Askeland om å lage ei hand, som er symbolet for ME-aksjonen, gjekk han til verks med det same.

– Eg fekk berre over meg at eg måtte gjere noko for at ho skulle få samla inn desse sju millionane til vidare forsking, fortel Solheim.

Ho har sjølv vore utsett for den nevrologiske sjukdommen som også vert kalla kronisk utmattingssyndrom.

– Det rørte meg langt inn i hjartet med ein gong. ME-sjukdommen rammar alvorleg mange menneske no til dags. For meg å vere frisk i dag er så viktig, og det ho gjer for andre menneske blir så viktig for meg, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Askeland

SYMBOLSK HAND: Motorsagkunstnar Arne Askeland frå Osterøy sette raskt i gang med å lage ein trefigur av logoen til prosjektet som skal samle inn pengar til ME-forsking.

Foto: Privat

Sjølv kjenner ho ikkje aksjonsleiaren, men tok straks kontakt med ho på Facebook for å høyre kva ho kunne gjere.

– Hadde eg hatt sju millionar så hadde eg sponsa det glatt, men det har eg ikkje. Men jo fleire som delar dette jo større betydning for mange menneske i etterkant. Dette var min måte å gjere det på, fortel ho.

– Altfor lite forsking

Leiaren for innsamlingsaksjonen, Maria Gjerpe, fortel at bakgrunnen for aksjonen er ei ny spennande forsking på ein kreftmedisin ved Haukeland sjukehus.

– Der fann dei ut at om lag 70 prosent av pasientane fekk ein veldig god effekt av medisinen. På ME finnast det veldig lite biomedisinsk forsking frå før, så difor er det viktig at denne forskinga haldast oppe, seier Gjerpe.

Ifølgje legen er forsking på sjukdomen støtta med fire millionar kroner i statsbudsjettet, og at Forskingsrådet har vurdert studien og funne at den er solid og god, men at dei ikkje kan finansiere den.

Ho har sjølv vore pilotpasient og fått prøve medisinen. I dag kjenner ho seg så å seie heilt frisk, og ønskjer at fleire som slit med kronisk utmatting skal få oppleve det same.

Har fått inn ein million

Årsaka til at dei fristen er sett til 90 dagar er at Gjerpe ikkje kan vere sikker på at ho er frisk lenger dersom ho ikkje får medisin vidare. No har halve tida gått, og hittil har det komme inn ein million kroner frå over 2000 bidragsytarar, med summar på alt frå 20 til 100.000 kroner.

– Det har vore bidrag frå Japan og Canada til Sverige og Kirkenes i Noreg, fortel Gjerpe.

– Det eg håpar skal skje no er at mange har begynt å få vite om det, og at det då vert ein slags spiraleffekt og at mange rundtom i verda gir litt kvar. Blir det mange nok så kan det hende vi klarar å samle inn seks millionar på dei 45 resterande dagane, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Maria Gjerpe

VIL HA MEIR FORSKING: Lege og ME-pasient, Maria Gjerpe, har sjølv kjend kva den nye behandlinga kan gjere for ho. No vil ho at fleire ME-sjuke skal oppleve det same.

Foto: Pressefoto

– Til nytte for heile samfunnet

I dag er over 10.000 menneske i Norge ramma av denne sjukdommen, og Gjerpe fortel at dei fleste er så sjuke at dei ikkje kan vere i fullt arbeid.

– Så for meg er det også mykje samfunnsøkonomi i dette. Samfunnet som heilskap treng at vi forskar meir på denne sjukdommen. Og når vi no i Norge og Bergen kanskje står framfor eit medisinsk gjennombrot og kan vise oss som ein forskarnasjon så bør vi alle saman trå til og støtte opp under.

At Solheim og Askeland no har laga ein trefigur av aksjonen sitt symbol betyr mykje for Gjerpe.

– Denne aksjonen handlar først og fremst om donering, men det handlar også om å invitere andre inn i denne innsamlingsaksjonen. Det at dei gjer dette er ei kjempefin støtte, og det betyr at andre får høyre om dette.

No gler ho seg til å sjå det endeleg resultatet.

– Eg har sett bilete under prosess, og eg gler meg veldig til å sjå når den er ferdig. Og det kan hende vi kan bruke den handa seinare, kanskje i Oslo 15. mai under eit arrangement vi skal ha for å vise kva denne sjukdommen gjer med folk, seier Gjerpe.