Hopp til innhold

Verdas største produsent spelte inn skifilm i Sogn og Fjordane

Verdas største produsent av skifilmar har i 12 dagar gjort opptak til ein ny film der det meste skjer i dramatiske fjell i Sogn og Fjordane.

Warren Miller Entertainment

UNDER OPPTAK: Filmteamet frå Warren Miller Entertainment får med seg soloppgangen.

Foto: Oscar Almgren

Teamet frå verdas største skifilmselskap vart imponerte over opphaldet deira då dei nyleg gjorde opptak til ny film.

– Alle som kom hit var utruleg imponerte av kor vakkert det er og kor mykje skikøyring ein kan gjere i urørt natur, fortel Oscar Almgren frå Uteguiden As i Stryn.

To veker

Almgren var med som guide på det 12-dagars lange opphaldet til fillmcrewet frå amerikanske Warren Miller Entertainment.

I løpet av to knappe veker har dei filma i Sogn, Nordfjord og på Sunnmøre, skriv Sunnmørsposten. Dei har blant anna vore på topptur og testa skianlegg i Hjørundfjorden og Fjærland, og avslutta denne helga med off piste-køyring i Stryn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Warren Miller Entertainment

NYT UTSIKTA: Filmmakarane på topptur i finevêr.

Foto: Oscar Almgren


Skapar blest

Den lokalkjende guiden er trygg på at endå fleire vil bli interesserte i området når filmen vert lansert på marknaden i september. Han spår langt fleire besøkjande til vinteren.

– Det er fleire som kjem allereie no. Berre om nokre veker kjem det nokre andre store filmselskap hit til Nordfjord og Hjørundfjorden, seier Almgren.

På sikt trur Almgren at skifilmen kan vere med på å gjere Nordfjord som ein populær vinterdestinasjon på storleik med Sunnmøre og Romsdalen.

– Nordfjord har nok hamna litt i klem mellom dei to store naturområda. Men eg ser at interessa for Nordfjord veks og veks, og eg trur den vil bli like stor som for Romsdalen og Sunnmøre.