Hopp til innhold

Han skal mette 750 personar på fire dagar

Om du blir stressa av å lage mat til eit trettitals slekt og vener hadde du ikkje takla å vere Nils Omberg. Denne helga skal han nemleg lage mat til 750 personar.

Nils Omberg

BLID: Det finst ikkje noko sur geip på Nils Omberg. I løpet av fire dagar skal han og dei andre tilsette i Smak Kafe & Catering i Stryn mette 750 personar i ulike selskap.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er nok å ta tak i, gliser cateringsjefen i Stryn.

Og at det er nok er vel ikkje akkurat ei overdriving. For i løpet av dei neste fire dagane skal Nils Omberg og hans tilsette levere mat til ikkje mindre enn 750 personar.

– I morgon har vi ti konfirmasjonar, og på søndag er det ti til. I mellom der er det eit stort bryllaup på fredag og eit stort slektstreff på laurdag, fortel Omberg.

Har vore fullbooka i halvanna år

Men stryningen let seg på ingen måte skremme. Han prisar seg lukkeleg for dyktige medarbeidarar når han tek på seg jobben med å lage mat til så mange.

– Folk bestiller veldig mykje forskjellig. Det er alt frå koldtbord til sosekjøt og lammesteik, til rømmegraut, fortel han.

På kjølelageret står det hylle opp og hylle ned med råvarer. Grønsaker, smør, fløyte og egg er berre noko av det som går med i massevis når ein skal mette fleire hundre.

I tillegg til all middagsmaten er det også mange som vil ha kaker levert på døra.

– Det er mange som bakar ein del kaker sjølve, men vi har mellom 40 og 45 kaker som skal ut i helga, seier Omberg og legg ikkje skjul på at det er travelt.

– Vi har vore fulle i eit og eit halvt år, og har ikkje kunne ta på oss noko meir det siste halvanna året, gliser han.

(Artikkelen held fram under)

Eggerøre til konfirmasjon

MAT: Det er ikkje reint lite mat som går med til 20 konfirmasjonar, eit bryllaup og eit slektstreff. Dette er berre ein brøkdel av eggerøra som blir laga til for helga.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ser at folk tek på seg mykje arbeid

Og i ordrebøkene for dei komande åra ser det ganske så tett ut mellom avtalane der også.

– Det er allereie bestilt 25 konfirmasjonar for 2016, seier han og peikar i boka.

Sjølv har fembarnsfaren ikkje konfirmant i hus i år, men til neste år er det hans tur. Han registrerer at mange gjerne lagar seg litt mykje arbeid før den store dagen.

– Det som kanskje er det raraste er at det er mange som vel å pusse opp i månadane før dei skal ha konfirmasjon. Ofte er det kanskje ikkje heilt ferdige til sjølve dagen, seier han.

Uansett, når han og dei andre i cateringfirmaet er ute med maten, er det som regel blide fjes å sjå.

– Stemninga er som regel bra, men vi ser at det er mange som er veldig slitne og som har jobba hardt den siste veka for å bli ferdige med alt.

Den travle tida er ikkje over ...

Sjølv er han ikkje så redd for å bli sliten, og ikkje har han tida til å bli det heller.

For sjølv om månaden med konfirmasjonar nærmar seg slutten, er det ikkje slutt på dei hektiske dagane.

– I sommar blir det veldig mange bryllaup, kvar helg fram til midten av august. Det er ei helg der det ikkje er bryllaup, så då skal eg ta meg litt ferie, seier han lattermild.

– Og når du skal ha konfirmant sjølv til neste år då, du skal ikkje pusse opp du og?

– Nei, det skal eg prøve å ikkje gjere. Eg skal iallfall ta det i god tid, gliser Omberg.