På berre nokre minutt lagar Ida (29) kunstverk av frukosten sin, kvar dag

Det heiter seg at ein ikkje skal leike med maten, men den regelen ser Ida Skivenes (29) vekk frå. Kunstverka ho lagar av maten sin har gitt ho tusenvis av fans.

Ida Skivenes lagar kunst av frukosten sin

KUNST: Ida Skivenes brukar litt meir tid på å lake frukosten sin lekker enn folk flest. No følgjer folk frå heile verda med på kreasjonane ho lagar. Her har ho laga ugler av pannekaker.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

Om du trudde frukosten din var spennande fordi du putta nokre bær på havegrauten eller pynta opp dei tørre brødskivene med ei agurkskive eller to, vel, då må du gjerne tenke om att no.

Ida Skivenes lagar nemleg kvar morgon eit lite kunstverk av frukosten sin. Aper, ugler, luer og vottar, sauer, påfuglar eller ein regnboge, det er nesten ikkje grenser for kva ho kan få til.

På den populære bildetenesta Instagram deler ho bileta sine med fans over heile verda. Berre torsdag denne veka fekk ho 25.000 nye fans.

– Ein seier at ein ikkje skal leike med maten, men eg synest dette er veldig givande, flirer 29-åringen som er oppvaksen i Hyllestad i Sogn og Fjordane til NRK.no.

Vil gjere maten kreativ og morosam

Foodart, eller matkunst på norsk, er ikkje noko nytt fenomen. Spesielt i USA er det mange som brukar tid på dette. Det siste halve året har også Ida Skivenes fått sansen for dette og kvar morgon brukar ho litt ekstra tid på hobbyen sin.

Til dagleg jobbar ho med statistikk, men vegetarianaren har også ein kjærleik for god mat.

Medan andre kanskje raskar med seg ei tørr skive eller lagar havregraut i mikrobølgjeomnen i full fart, brukar Skivenes litt meir tid på dagens første måltid.

– Det siste halve året har eg drive med det som kallast for matkunst. Det vil seie at eg ordnar maten min slik at det ser ut som for eksempel forskjellige dyr eller andre ting.

– Eg prøver å gjere maten litt meir kreativ og morosam, seier ho til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ida Skrivenes lagar kunst av frukosten sin

ISBJØRN: Polarbrød og oliven er blant ingrediensane som skal til for å lage ein slik isbjørn.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

– Eg får øvd kreativiteten min

Og kreativt og morosamt er det ikkje tvil om at det er. På Instagram og på bloggen sin legg ho kvar morgon ut eit bilete av ein frukost som truleg får min og din frukost til å sjå veldig kjedeleg ut.

– Korleis kom du på at du skulle gjere dette?

– Eg har sett ein del matkunst på andre bloggar, så eg prøvde først å kopiere andre, så har eg funne på ting sjølv og sidan har det berre balla på seg.

– Kva får du ut av dette?

– Dette er ein måte å få øvd kreativiteten min på. Eg er interessert i både kunst og matlaging, så dette er ei fin kopling. Det er morosamt og eg får mange positive tilbakemeldingar.

Har fått over 36.000 fans

På Instagram ligg det no fleire hundre bilete av dei fantastiske kreasjonane ho har laga. Med brukarnamnet Idafrosk gler ho kvar dag tusenvis av følgjarar verda over med fantasien sin. Det starta med ein bjørn og ein rev, og sidan har det blitt både fleire dyr og andre skapningar.

Litt etter litt har stadig fleire lagt merke til frukostkunsverka hennar. I desember laga Byavisen ei sak om ho, og no har også folka bak den populære mobilapplikasjonen Instagram fått auga opp for kunsten hennar.

Denne veka la Instagram ut nokre av Ida Skivenes sin bilete på sin eigen blogg, og det gav resultat.

– Berre på ein dag fekk eg 25.000 nye følgjarar, seier ho og kan i dag skilte med over 36.000 følgjarar.

– Det var veldig stort for meg, vedgår ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ida Skivenes lagar kunst av frukosten sin, her har ho laga ein regnboge

ENKELT: Ida Skivenes seier sjølv at ho vil det ho lagar skal vere enkelt, og mogleg for andre å få til også.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

– Det tek ikkje så lang tid

Men kor lang tid går det då på å lage ein litt meir spennande frukost?

– Akkurat å lage maten tek ikkje så lang tid, mellom fem og femten minutt. Eg har ein plan klar kvelden før, slik at eg veit kva eg skal gjere.

– Utgangspunktet er som regel kva eg har lyst på til frukost, for alt eg lagar skal vere etande, og eg et alt, seier ho.

Nedst i saka kan du lese korleis Ida Skivenes har laga nokre av dei spennande frukostane.

Mange inspirasjonskjelder

Sjølv etter å ha laga ein drøss med forskjellige skapningar og kreasjonar av maten sin ser det ikkje ut til å gå tomt for nye idear. Skivenes kan ikkje love at ho skal halde på for evig, men trur det går lenge før ho sluttar.

– Eg har mange idear, så det går ikkje tørt med det første, flirer ho.

– Det varierer veldig kva som inspirerer meg. Det kan vere ting som skjer i livet mitt, ein film eg har sett eller noko eg har sett på nettet som andre har gjort.

– Fri assosiasjon er nok utgangspunktet, der eg tenkjer over kva maten minner meg om. Til dømes cottage cheese kan minne om ein sau eller ei sky, seier ho.

Har fått eiga spalte i foreldreblad

Den siste tida har Ida Skivenes fått veldig mykje merksemd for matkunsten sin. Ho har blitt kontakta av fleire aviser, også frå utlandet.

– Eg har mange prosjekt på gong no, fleire intervju, eg skal gjere noko for Godt Brød og eg har fått ei spalte i eit foreldreblad.

For matkunsten hennar er kanskje eit godt triks for å få barna til å ete frukost. Ida Skivenes håpar ho kan inspirere andre til å leike seg litt med maten.

– Eg har oppmoda til at folk skal herme og synest det er kjekt når dei gjer det.

– Dette passar gjerne best for barn, men eg prøver å lage det slik at det passar for vaksne også. Det er eigentleg berre å leike seg med maten og ingrediensane for å gjere maten litt meir morosam, seier ho.

Ida lærer vekk nokre triks

Og her kan du få nokre tips på vegen til korleis du kan prøve deg på det same.

Ugler (Owl Will Always Love You):

Form to runde pannekaker med spisse øyre i to storleikar (eller skjær til etterpå). Lag to par halvmånar i tilsvarande storleikar. Smør på tjukk yoghurt på pannekakene og lim vengene på begge uglene.

Dekk desse med mandelflak, samt legg til klør, nebb og øyre av same ingrediens. Fullfør med auge av blåbær. Skjær kiwi i strimlar som du legg på fatet som ei grein. Kutt opp physalis eller anna frukt så det ser ut som blomar og legg ved. Legg uglene på greina.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ida Skivenes lagar kunst av frukosten sin

VOTTAR: Det er nesten ikkje grenser for kva Ida Skivenes kan lage av vanlege frukostingrediensar som brød og litt pålegg.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

Lue og vottar (Heading Into the Snow Storm):

Bak bollar sjølv eller skjær til brødskiver slik at dei ser ut som vottar. Legg på godt med raudt syltetøy og dekorer med yoghurt i sprøyteflaske/pose. Skjær av ei skive appelsin eller grapefrukt så det ser ut som ei lue og legg eit blåbær på toppen.

Sauer (Cottage Sheep):

Legg to klattar med cottage cheese midt på eit fat. Del ei raud drue i to som ansikt, og bruk strimlar til bein, øyre og augepupill. Legg bitte litt cottage cheese som det kvite i auget, og legg den vesle druebiten oppå. Skjær ein kiwi på tvers, og legg nedst som gras. Del opp ein klementin i båtar og legg som fjell på toppen.

Regnboge (Eat the Rainbow):

Skjær opp frukt i ulike fargar og legg dei inntil kvarandre slik at dei formar ein boge. Legg yoghurt ved endane som skyer.

Isbjørn (Polarb(r)ear(d)):

Smør eit lite polarbrød med kremost. Skjær opp olive i skiver for å lage auge, øyre, nase og munn. Skjær av tre bitar med raud paprika og legg det som eit skjerf. Kutt av to bitar av eit nytt polarbrød og form som potar, legg ved sida av ansiktet.

Ida Skivenes lagar kunst av mat

IDE: Kvelden før har ho ein idé om kva ho skal lage, som regel med utgangspunkt i kva ho vil ha til frukost. Her har ho laga to sauer av mellom anna cottage cheese.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.