NRK Meny
Normal

Lagar film om mordgåte frå Årdal

For 199 år sidan vart Erik Høyum drepen i Nundalen i Årdal. No blir historia om mordet film.

Haugstad Gard, Garden til Bottolf

BOTTOLF SIN GARD: Garden til Bottolf Nundal i Nundalen i Årdal. Her skal historia om mordet spelast inn.

Foto: PRIVAT

Ola Moen

FILMSKAPAR: Ola Moen er student ved Westerdals og kjem til Årdal for å lage film

Foto: PRIVAT

– Eg har høyrd den historia sidan eg var liten gut og vart tidleg fascinert av den, fortel Ola Moen.

24-åringen frå Årdal er student ved Westerdals og skal regissere sin eigen bachelorfilm over nyttår. Ei eigna historie til det store lerretet fant han i heimbygda i Sogn.

Mellom 14.- og 26. februar neste år kjem eit filmteam til Årdal for å fortelje historia om ei nesten 200 år gamal mordgåte.

– Eg trur ikkje så mange yngre veit om den no lenger, men dei eldre i Årdal kjenner godt til den, seier Moen.

Mordet på fjellet

Haugstad Gard, Garden til Bottolf

NUNDALEN: Det var her Erik Høyum overnatta den vinteren for nesten 200 år sidan.

Foto: PRIVAT

Vinteren 1817 var driftekaren Erik Høyum på veg heim til Luster frå Austlandet med mykje pengar etter arbeidet. Før han nådde heilt heim overnatta han hjå Bottolf Nundal i Årdal, og morgonen etter tok han fatt på ei ny etappe i retning Luster.

Det Høyum ikkje så var at Bottolf følgde etter han opp på fjellet. Ole Olsen Nundal arbeida på fjellet den dagen og høyrde eit nødskrik i det fjerne. Fem minutt seinare så han Bottolf kome springande nedover fjellsida. Bottolf åtvara Ole mot å fortelje noko av det han hadde sett den dagen.

Erik Høyum kom aldri heim til Årdal og då gjekk to mann frå Næss i Luster opp på fjellet for å leite etter han. Der fann dei Høyum død i ei elv, og etter ein obduksjon i Luster blei det slått fast at han hadde døydd etter eit slag mot hovudet.

Bottolf Nundal blei først dømd for mordet, men det seiest at han kjøpte seg fri ved å bestikke sorenskrivaren med oksekjøt. Nokre år seinare døyde Bottolf då ei steinhelle fall over han.

Kunstneriske fridommar

Haugstad Gard, Garden til Bottolf

MORD: Garden til Bottolf er omgitt av storslegen natur. Det var i desse fjellområda Erik Høyum mista livet.

Foto: PRIVAT

– Det er noko veldig norsk og kult med den historia. Faren min tok med meg og brørne mine opp i Nundalen og fortalde den til oss, og den gjorde inntrykk, seier Ola Moen.

Bachelorfilmen skal bli 25 minutt lang og i arbeidet tek han seg nokre kunstneriske fridommar.

– Eg har skrive inn nokre karakterar som aldri eksisterte og endra litt på forteljinga. For eksempel så vart Bottolf tatt av ei steinhelle, men i mi historie går han gjennom isen. Eg tar meg nokre fridommar for å lage eit passande manus, seier Moen.

Vil vise filmen i Årdal

Omkring 30 menneskje vil vere involvert i filmproduksjonen og Moen håpar å finne lokale skodespelarar som vil vere med og hjelpe til.

– Eg vil ha dialekta i filmen, så eg vil prøve å caste i området. Det meste av filmen skal bli spelt inn i Nundalen, men vi skal også filme interiørscener i De Heibergske Samlinger, seier han.

Moen håpar å få vist fram filmen for eit lokalt publikum.

– Vi skal først ha ei stor bachelorvisning på Ringen kino i Oslo, men eg håpar å vise den fram andre stader også. Eg har ikkje snakka med Årdal kino enda, men det hadde vore tøft å vise den på den nye kinoen der, tykkjer han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune