NRK Meny
Normal

Sunnmøring lagar stolt film om Førde

FØRDE (NRK): Sjølv om han sjølv er tilflyttar, vil Hans Jakob Reite auke identiteten og lokalkjensla til førdianarar. No lagar han film i lag med Rakkar filmproduksjon i samband med byen sitt 20 års jubileum.

Hans Jakob Reite, utkledd som den grøne mannen, blir filma av Rakkar filmproduksjon.

LIDENSKAPLEG: Det er ikkje å legge skjul på at Hans Jakob Reite, her ikledd kostyme, er lidenskapeleg oppteken av Førde. Interessa til historia til byen begynte då han sat i bystyret.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Både i Florø, Årdal, Høyanger, Måløy og Stryn slår folk seg meir på brystet og er stolte over plassen sin. Førdefolk har eit hakk meir å gå på der. Ein treng ikkje å vere idiot fordi om ein er litt meir stolte av seg sjølv.

Hans Jakob Reite, også kjend som «den grøne mannen», er godt i gong med innspelinga av filmen «Førdefilmen – frå sjøhola til sjukehuset».

– Ein ekte førdianar er ein tilflyttar

Gjennom filmen vil han vise fram Førde si historie, heilt ifrå 1600-talet og fram til i dag. Målet er at filmen skal gi både nye og gamle førdianarar påfyll av identitet og lokalkjensle.

Hans Jakob Reite, utkledd som «den grøne mannen», held opp et fareskilt med påklistra symbol for fly

TILFLYTTAR: Reite er ifrå Sunnmøre, men kan meir om historia til Førde enn dei fleste førdianarar.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Med i filmen er også Sigbjørn Hvidsten (28) som skal både spele i og lage musikk til filmen. Hvidsten er ifrå Førde, men ifølge Reite gjer ikkje det han til ein ekte førdianar.

– Typiske førdefolk er slike som meg. Vi som er tilflyttarar.

Førde har nemleg vore prega av mykje tilflytting dei siste tiåra. Tal frå SSB visar at i 1960 hadde staden berre 3.337 innbyggarar, men i 2017 ligg dette talet på 13.009.

Hvidsten seier sjølv at han har lært mykje av heimstaden sin frå Reite.

– Det var mykje eg ikkje visste om Førde som eg no veit fordi eg har hengt med Hans Jakob. Det er jo greitt å kjenne til historia si.

Hans Jakob Reite, utkledd som «den grøne mannen», står foran kameraet til Espen Nyttingnes.

GODT KJENDE: Hans Jakob Reite, Espen Nyttingnes (bak kamera), Sigbjørn Hvidsten og Remi Gjervik Rygg (lydmann) har brukt fleire timar i lag for å få inn alle scenene i filmen.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

«Tufta på ei sann soge»

Filmmanuset er basert på ekte hendingar, slik som til dømes då det vart bygd flyplass på Øyrane og det kom bilskilt med melding om vikeplikt for fly.

Men i filmen blir desse hendingar sett litt på spissen. Reite meiner difor at filmen ikkje kan bli kalla ein dokumentarfilm.

– Somme stader i filmen seier eg for eksempel «om eg sjekka alle detaljane i denne historia – nei, ho er for god til det». Det blir nokre overdrivingar. Vi seier at historia er «tufta på ei sann soge».

Lokalt produksjonsselskap

Filmen er produsert av filmproduksjonssfirmaet Rakkar.

Hans Jakob Reite og Espen Nyttingnes står bak filmkameraet og diskuterer manus

MANUS: Hans Jakob Reite (t.v.) og Espen Nyttingnes seier dei begge gler seg til premiera.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Espen Nyttingnes, dagleg leiar for Rakkar, seier han hadde tenkt å finne ein måte å feire Førde sitt 20 års jubileum på då Reite kom på døra.

– Det var jo veldig spanande då. Hans Jakob kom innom kontoret og «pitcha» meg nesten heile manuset i eitt jafs, så då var det berre å hive seg med.

Både Reite og Rakkar AS har sjølv gått inn med kapital til å finansiere filmen, men håpar å få mykje att frå billettsalet når filmen kjem på kino i november.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast