Hopp til innhold

Lagar dei beste ostane i Norden

To meieri frå Sogn og Fjordane stakk av med dei gjevaste prisane under verdast største meieriutstilling.

Meieriet i Vik i Sogn lagar årets tredje beste gamalost. Det fekk dei vite under Landsmejeriudstilling i Herning i Danmark.

Men meieriet på Byrkjelo fekk også medalje. Dei fekk bronse for beste geitost.

TINE tok elleve medaljar

Per Henning Liljedahl

Per Henning Liljedahl

Dermed tok TINE sine anlegg på Vestlandet eit godt grep i medaljefatet. Heile elleve medaljar vart tildelt for produkt som er laga på TINE sine anlegg i Vest.

– Bak dette ligg det stor innsats, og høg kvalitet i alle ledd. Samstundes er dette ei stadfesting av at TINE sine produkt hevdar seg godt i konkurranse med meieriprodukt frå våre naboland, seier driftsleiar i Vik, Per Henning Liljedahl.

150 fagdommarar i juryen

Meieriprodukt frå Norge, Danmark, Færøyene, Sverige, Finland og Island har deltatt i årets Scandinavian Dairy Contest/Landsmejeriudstilling i Herning i Danmark. Her har produkta blitt vurdert av til saman 150 fagdommarar.

Landsmejeriudstillingen i Herning er verdas største meieriutstilling.

Formålet med utstillinga er å fremja den faglege stoltheten gjennom bedømmelse og premiering av produkt. Utstilling skal også verke som inspirasjon til kvalitetsforbetring og produktutvikling.