Laga sine eigne toppturski av bjørk: – Noko alle kan få til

Ei tørka bjørk, øks, høvel og riktig rettleiing var alt som skulle til for at Torje Bjellaas no kan gå toppturar på heimelaga treski.

Torje Bjellaas laga sine eigne treski av bjørk

PÅ TUR: Sidan bjørkeskia vart klare til bruk har Torje Bjellaas vore på fleire turar med dei. Blant anna på Nystølseggi i Sogndal og Grovabreen i Jølster.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Dei finaste opplevingane ein kan få i livet er å vera ute i naturen, helst på ski, seier NRK-fotograf Torje Bjellaas.

Og det var under toppturane i Jølster draumen om å laga sine eigne ski vart til. No er draumen realisert og i Norge Rundt-sendinga på Langfredag kjem reportasjen om korleis Bjellaas laga sine eigne treski (sjå reportasjen lengre nede i artikkelen).

– Eg har mange gonger tenkt på kor skia kjem frå når eg har gått oppover mot breane i Jølster og sett bjørketrea, seier han.

Til Valdres

Til dagleg er Bjellaas fotograf for NRK og for serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Fritida vert ofte nytta i naturen og då helst med ski på beina mot ein fjelltopp. No går desse turane på treskia han har laga sjølv.

– I Noreg har det blitt laga ski sidan 1800-talet og det er mange som har god kunnskap om dette. Det er mange forskjellige sortar som vert brukt, men etter å ha snakka med den i bygda som kan mest om tre valde eg bjørk, seier han.

Torje Bjellaas laga sine eigne treski av bjørk

KURS: For å læra seg å laga treski reiste Torje Bjellaas til Valdres for å gå på kurs.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Han fekk tak i eit tre som alt var tørka og sette kursen mot Valdres.

– Der er det fleire som kan den tradisjonelle måten å laga ski på og eg fekk eit kurs der.

– Eigentleg er det ganske lett å laga eit par med ski og det er noko alle kan få til. I hovudsak treng ein berre ei øks og ein høvel, fortel Bjellaas.

Torje Bjellaas laga sine eigne treski av bjørk

IDYLL: – På enkelte føre med tørr snø er treskia vel så gode som vanlege toppturski, seier Torje Bjellaas.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Godt feste

På ein vanleg topptur er ofte framgangsmåten slik: ein sett på feller under skia for å få feste på turen opp. På toppen vert desse tatt av før ein køyrer ned igjen.

Men med treski er det litt annleis.

– I det brattaste terrenget må eg ha feller på treskia, men der det ikkje er så bratt går det fint å gå utan. Og nedover er gliden like god, seier Bjellaas.

Sidan skia vart ferdige har han hatt dei med på tur både på Nystølseggi i Sogndal og på Grovabreen i Jølster.

– Påsketurane vert også gått med desse skia. Og no har eg fleire typar tre som ligg til tørk som skal bli til fleire par med treski i framtida.

Sjå reportasjen som vert sendt i Norge Rundt, fredag 19. april, om korleis Torje Bjellaas laga sine eigne toppturski av bjørk.