I 2000 tok difor Norge Rundt turen til Ljøsne i Lærdal for å følgje prosessen frå blad til sigar. På sjølvaste julaftan blei dette vist fram for det norske folket.
I helgene framover kan du få gjensyn med tidlegare TV-reportasjar og anna gull frå arkivet vårt frå Sogn og Fjordane. Og først ut er Håkon Lysne i Lærdal.
– Eg dyrka druer på den tida, men eg dreiv også på med noko anna spesielt, nemleg tobakksplanter. Dei brukte eg til å lage sigarar, så vi dreiv med to spesielle ting på Ljøsne på den tida, fortel han.
Som ein bakaromn
Lærdal er ei kjent bær- og fruktbygd. Det milde klimaet i kommunen er svært eigna for mellom anna morellar, jordbær, bringebær, eple og poteter. Men også det som er meir utradisjonelt, som mais, tindved og aprikos.
– Det var difor eg kunne dyrke tobakksplanter. Sesongen på Ljøsne er lengre og det er godt og heitt i dei solvende bakkane. Det er som ein bakaromn og har du nok vatn, kan du dyrke det meste.
Og når han også har stor interresse for historie, låg alt til rette.
– Det er lang tradisjon for tobakksdyrking i Indre Sogn på 1800-talet. Dette blei teke opp att under krigen. Det var slik eg blei inspirert til å skaffe meg tobakksfrø frå utlandet og sette i gang.
Blei digre plantar
Dei bitte små frø blei planta og forvandla seg raskt til to meter høge plantar. I september blei blada klipt av og hengt til tørk.
– Etter at blada var tørka, skulle dei fermenterast. Det er ein gjæringsprosess der blada blei lagt i ein haug med litt fukt og fekk litt press på seg.
Blada blei hakka opp og massen jamnt fordelt på dekkblada. Rullinga kunne starte.
– Trikset var å ikkje rulle for hardt, slik at det blei for tett. Eit limstoff blei brukt til å halde dekkblada på plass.
– I reportasjen spanderte du sigarar på nokre vener. Likte dei sigarane?
– Ja, det gjorde dei. Dei var litt ferske, men blei veldig fine.
Men det var ikkje berre tobakksplanter Lysne dyrka. Han hadde også andre varmekjære planter, nemleg drueranker som han laga vin av. Noko han dreiv på med i mange år. Men etter nokre år på Ljøsne, flytta han til Lærdalsøyri og då blei det slutt på tobakksproduksjonen og det meste av druene.
– Klimaet på øyri er ikkje så godt eigna som oppe på Ljøsne. No har eg att nokre vinplantar rundt huset mitt. Eg har også eit drivhus med tomatar og litt anna, seier han.
- Les også:
- Les også:
- Les også: