Hopp til innhold

Laga kunst av sjokolade

Det blei ein 3. plass for det norske laget som stilte i konditorfaget under Nordisk meisterskap. Vilde Nistad Strandos (t.h.) frå Førde og Sunniva Nergård Myhre frå Stavanger utgjorde det norske laget, og dei kjempa mot lag frå Danmark og Sverige. Med temaet kunst skulle dei lage både desserttallerken, kaker og ein skulptur av sjokolade. Strandos hadde håpa på ei betre plassering. – Det blei ein del utfordringar undervegs, seier ho. Strandos som har jobba ved Naustdal dampbakeri, skal no ta til på nye utfordringar som dessertkokk ved restauranten Vaaghals i Oslo.

Sunniva Nergård Myhre og Vilde Nistad Strandos
Foto: Privat