Hopp til innhold

Ho vil vekke folk med kunst av plast

Ein skulptur på tre meter berre laga av plast. Det er resultatet etter ei felles opprydding ved kysten.

Plast

VIL SETTE FOKUS PÅ PLAST: Pippip Ferner var hyra inn av Kunstmuseet for å delta på ei teikneutstilling. Som kunstnar vil ho vere med på å rette eit fokus på plast i havet.

Foto: Privat

– Skulpturen skal vere med på å opne auga til folk for kva ein sleng rundt seg, seier kunstnaren Pippip Ferner.

Med utsikt til sjøen står plastskulpturen utstilt i Florø. Berre rundt seg har den ei lang remse av plast på 14 meter som er fletta saman av ulike plastposar. Alt funne ute i naturen.

– Fokuset er på kor mykje plast som finst, og kor mykje ein faktisk finn ute i naturen. Ein treng jo faktisk ikkje leite ein gong. Det berre er der, seier ho.

Små og store samla inn både boss og plast under ei vårreingjering i Florø sentrum på laurdag.

Plast

EIN SKULPTUR VERT TIL: Både kunstnaren, Kystmuseet og publikum var med på å samle inn plast frå naturen.

Foto: Pippip Ferner

Alt frå tauverk til fotball

Ferner meiner skulpturen sender ei viktig melding om samfunnet vi lever i.

– Inst inne i skulpturen er det retursekkar fulle av ispor og plastflasker. Folk kom med alt frå tauverk til fotballar, så skulpturen har søppel både frå hushaldningar og verksemder. Den er representativ ut frå alt som vert kasta og som flyt i land.

Skulpturen skal stå fram til strandryddedagen 6. mai, om ikkje vinden tek eit kraftig tak.

– Eg har surra den veldig godt saman, så håper eg at ikkje vinden herjar for mykje, for då gjer vi jo faktisk berre meir ugang ved at den blåser til sjøs. Heldigvis er det folk som skal passe på skulpturen, seier Ferner.

Plast

FERDIG RESULTAT: Med plast bygde kunstnaren denne tre meter høge skulpturen i Florø sentrum. Der skal den få stå fram til 6. mai.

Foto: Pippip Ferner