Bak ein tørrmurt steingard og ein grønmåla port opnar det seg ein frodig oase på Kittang. Berit Steen og Kjartan Godø har brukt årevis på å planlegge og dyrke fram eit paradis av tre, buskar og blomster, gjerne av sortar du vanlegvis ikkje ser så langt ute langs norskekysten. Prydpære, yuccapalme og druerankar for å nemne nokre.
– Det første vi gjorde var å plante tre her, for å få lê. Vi fann bjørk og furu langs vegen og sette dei i den elles berre tomta, fortel Steen.
Sidan tok ho til å rydde stein, og sette opp solide tørrmurar kring heile eigedomen. Steingarden vernar for sauer, gras og frø som elles ville blese inn over hagen. Er steinane for store formar pensjonisten dei til med hammar og meisel.
Haustplantar
– Tanken bak inngangspartiet er at den skal møte oss med vakre fargar også dei tidene av året der vi ikkje går ned i sjølve hagen.
Haustfargar, blåbær og små hellelagde stiar mellom bed i berget ynskjer gjestene velkomne.
– Eg likar å gå berrføtt, så då må eg ha heller, og med stiar mellom beda slepp eg å trampe jorda hard. Då vert det lett å trekke opp ugras her og der. Hagen skal vere lettstelt sidan vi er begynt å bli gamle, seier Steen.
Rundt den raudmåla hytteveggen opnar hagen seg sørvendt mot havet, der det er utsikt mot Batalden og Kinn. Ein liten dam omkransa av grøn plen, roser, middagsblomster, rhododendron og dagliljer overraskar i kystlandskapet.
Det balla på seg
– I utgangspunktet var det ei flott blomstereng her som vi lét oss fasinere av, men då barnebarna kom på besøk for å leike og vi fann hoggorm i graset bestemte vi oss for å legge plen. Sida har det berre utvikla seg, seier Godø.
Steen trur ho nærmar seg 200 tre og busker, i tillegg kjem staudane.
– Eg har avgrensa meg til dei som eg likar best, og til dei som ikkje er altfor villige, men litt vanskelege å få til, fortel ho.
Utfordringa her vest er saltvatnet som bles innover hagen, men ho gjev dei sartare vekstane vern ved å sette opp busker som toler meir rundt.
– Det er ikkje alltid det som står skrive stemmer, så då flytter eg buskane og prøver noko nytt. Det er spesielt nåletre som ikkje toler saltvatnet.
Skriv bok
Det har vorte mange forsøk opp gjennom åra, og mange erfaringar. Dei håper ho no å dele gjennom eit bokprosjekt som fortel om prosessen frå blomstereng til ferdig kysthage. Godø har dokumentert det heile med bilete gjennom fleire år, og paret deler mykje gjennom facebooksida "Berit og Kjartan sin kysthage på Kittang".