NRK Meny
Normal

Laga bråk før han la seg - så kom politiet

Ein bråkmakar i Stryn fekk natt til laurdag skyss heim av politiet etter at han hadde laga kvalme i eit privat husvære.

Politiet på Twitter

BRÅK: Tradisjon tru har politiet hatt litt å henge fingrane i natt til laurdag.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Meldinga om husbråk kom til politiet sin operasjonssentral klokka 04.20 natt til laurdag. Då politiet kom til staden hadde vedkommande som laga uro gått og lagt seg. Men han høyrde ikkje heime på staden og politifolka på staden vurderte det til at det var best at han reiste der ifrå.

Dei tok ein prat med mannen og fekk køyrt han heim, ifølgje operasjonsleiar.

Også tidlegare på natta hadde politiet vore i sving. I 01.30-tida måtte politiet gripe inn og sette ein mann i drukkenskapsarresten etter ein krangel i ein heim i Florø.

I Førde oppsøke ein mann i 02-tida legehjelp, etter at han vart skalla til på ein utestad. Ifølgje operasjonsleiar Per Rimmen har politiet vore i kontakt med både fornærma og gjerningsperson. Det blir jobba vidare med denne saka over helga.

Like over klokka 04 i natt tok helsepersonell hand om ein overstadig rusa person i Høyanger. Vedkommande var køyrt til sjukehus i Førde og innlagt, melder politiet på Twitter.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser