Hopp til innhold

Laga «Snøfall»-sangen med ungen på skuldra

Kjenningsmelodien til årets julekalender er laga av Eva Weel Skram, men det var litt tilfeldig at det vart slik.

Eva and the Heartmaker på Åmot gard speler Selmas sang frå julekalendaren Snøfall

SJÅ OG HØYR SANGEN HER: Eva and the Heartmaker framfører «Selmas sang» på Åmot gard.

Der nærmar seg jul, og når NRK Super sin splitter nye julekalender «Snøfall» for første gang blir vist på TV på torsdag, kan folk høyre kjenningslåta «Selmas sang». Den er skrive og framført av Eva Weel Skram frå Sogndal.

Denne songen skal smyge seg inn i alle barneøyre kvar einaste dag i adventstida.

– Det er veldig spennande. Det skjedde litt tilfeldig fordi fetteren min, Henrik Skram, har komponert all musikken til serien. Og då dei trengde ein populærartist til å lage kjenningsmelodien, tenkte han på meg. Og det var jo kjekt, seier Eva.

Så hausten 2015 ringde han og spurde om ho ville prøve å lage eit forslag, og Eva og mannen Thomas Stenersen sa ja til det. Dei tenkte dei skulle få tid til å jobbe med sangen i januar, då dei skulle bli foreldre.

Eva and the Heartmaker

URPREMIERE: Eva Weel Skram og Thomas Stenersen framførte «Selmas sang» for første gang, under opptaket til konserten som blir sendt på NRK1, 2. desember.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ein kvit løgn og eit skippertak

Men det å bli foreldre vart meir hektisk enn dei hadde sett føre seg, og plutseleg ein dag ringde fetter Henrik og spurde om sangen var klar.

– Vi berre, "eh ja, ja vi har eit forslag!" Men det hadde vi jo ikkje.

Då måtte dei hive seg rundt og lage ein sang med den nyfødde beibien på skuldra.

– Så ringde vi han og spurde om vi berre kunne besøke han og spele sangen for han, "fordi vi hadde ikkje hatt tid til å spele den inn, eh, enno".

Så dro dei til studioet hans, framleis med beibien på skuldra, og prøvde å forklare korleis det kom til å bli høyrande ut når den vart spelt inn.

– Thomas forklarte "viss du høyrer føre deg refrenget litt sånn dudu du du", og litt sånn og sånn. Men det var slik det vart til slutt.

– Magisk frå ende til annan

Songen «Selmas sang» var framført for første gang i september, under eit TV-opptak på Åmot gard i Gaular.

Det skal bli til eit konsertprogram som du kan sjå på NRK1 fredag 2. desember, rett etter Skavlan.

Å synge på intimscena i låven på Åmot gard var ei stor oppleving for Eva.

– Det var altså så stort, det er første gang eg har gjort noko slikt. Eg er takksam for å få vere med på ein TV-konsert med berre oss, filma i heilt fantastiske omgjevnadar. Det var berre magisk frå ende til annan.