Hopp til innhold

Låg kronekurs gir turistauke

Tal frå Fjord Norge viser at turistane strøymer til Vestlandet. Veksten er på mellom sju og ti prosent og frå Kina er auken på 80 prosent.

Briksdalsbreen

Turistveksten på Vestlandet er på mellom sju og ti prosent. Her ser vi turistar ved Briksdalsbreen i Stryn.

Foto: Oldedalen Skyss / Oldedalen Skyss

– Etter mange år med hardt arbeid får vi utteljing. I tillegg har den norske krona svekka seg ein god del, noko som også betyr mykje, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

Han smiler frå øyre til øyre om dagen.

– Så langt ser det ut til å bli ein vekst på mellom sju og ti prosent på hotella på Vestlandet. Campingplassane går ikkje så godt, men det er auke også der, konstaterer Jørgensen.

Fjord Norge er ein paraplyorganisasjon for reiselivsnæringa i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Vi opplever ein eksplosiv vekst frå Asia, og mykje tyder på at veksten vil halde fram.

Kristian Jørgensen

«Kinesar-boom»

Jørgensen fortel at kinesarar representerer den største auken.

Turistar i Gudvangen

Her ser vi asiatiske turistar ved Gudvangen i Sogn og Fjordane. Stadig fleire asiatar vel norske fjordar som feriemål.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er 80 prosent fleire kinesarar som tek turen til Vestlandet enn i fjor. Vi opplever ein eksplosiv vekst også frå resten av Asia, og mykje tyder på at veksten derifrå vil halde fram. Det er også fleire tyskarar, engelskmenn og amerikanarar enn i fjor. Valutasituasjonen gjer at også fleire nordmenn ferierer heime, fortel ein oppglødd Jørgensen.

– Men ein skulle kanskje tur at det elendige været ville føre til redusert turiststraum til Vestlandet?

– Det er heldigvis ikkje slik at ein veit kva vær det blir dit ein kjem når ein bestemmer seg for å reise langt. Dei fleste som reiser langt på ferie bestemmer seg i desember, januar og februar, seier han.

2,8 millionar gjestedøgn

Jørgensen reknar med nærare 2,8 millionar gjestedøgn til Vestlandet innan året er omme.

– Med ein vekst på mellom sju og ti prosent vil det bli 200.000 fleire gjestedøgn. Dette utgjer veldig mykje pengar, seier han.

Jørgensen dreg fram Flåmsbana og Briksdalsbreen som to av dei største turistmagnetane i Sogn og Fjordane. Begge opplever vekst i år.

Rekord ved kviknes hotell

Ved Kviknes hotell i Balestrand har det vore ein vekst på 20 prosent i år.

Sigurd Kvikne

Sigurd Kvikne ved Kviknes hotell fortel om eventyrleg besøk ved hotellet i Balestrand.

Foto: Elias Engevik / NRK

På måndag vil vi få besøksrekord med 414 gjestar. Det er kjekt om dagen.

Sigurd Kvikne

– Trass i dårleg vêr er det fantastisk trafikk. Så langt i år har vi hatt ein auke på over 20 prosent, fortel hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Når Kviknes Hotell er fullt er det om lag 400 gjestar som overnattar. No er det fullt nesten kvar natt.

– På måndag vil vi få besøksrekord med 414 gjestar. Det er kjekt om dagen, seier Kvikne. Han trur låg kronekurs, eit godt produkt og god marknadsføring er hovudårsakene til det gode besøket.