Hopp til innhold

Låg død i omsorgsbustad i fleire dagar

Ein psykisk sjuk pasient låg død i ein kommunal omsorgsbustad i fleire dagar før vedkommande blei funnen. Pårørande har klaga inn saka.

Fylkesmannen skal no vurdera om den avdøde fekk forsvarleg hjelp.

– Me har oppretta ei sak om ein person som blei funnen død. Denne saka undersøker me i samarbeid med kommune og spesialisthelsetenesta, seier fylkeslege Per Steinar Stensland.

Stensland fortel at Fylkesmannen framleis jobbar med å henta inn informasjon, og at han ikkje ønsker å kommentera detaljane rundt dødsfallet.

Fylkeslegen vil heller ikkje kommentera kor ofte den avdøde skulle få tilsyn, eller kor eller kva tid vedkommande blei funnen.

Pårørande klaga inn saka

Det var ein pårørande som klaga inn saka og bad Fylkesmannen om hjelp.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

I INNSAMLINGSFASEN: Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Steinar Stensland, fortel at ein framleis jobbar med å henta inn informasjon.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Klagar skal ha rett til å kommentera informasjonen som me får inn, og me skal vurdera informasjonen medisinsk og juridisk før me kjem til ein konklusjon, seier Stensland.

Spørsmålet no er om pasienten fekk forsvarlege helse- og omsorgstenester før personen døydde. Dette skal Fylkesmannen vurdera når ein veit meir om saka.

Kan ta fleire månader

Konklusjonen som Fylkesmannen endar på, kan få konsekvensar for den aktuelle kommunen og Helse Førde.

Om Fylkesmannen karakteriserer saka som alvorleg skal den bli sendt vidare til Statens helsetilsyn, som har myndigheit til å komma med sanksjonar mot helsepersonell og -verksemder.

Stensland seier at vanleg behandlingstid for ei slik sak er på inntil fem månadar.