Hopp til innhold

Låg arbeidsløyse kan bli problem

Arbeidsløysa er så låg i Høyanger og Årdal at industristadane kan få store problem med å skaffe folk til nyetableringar. Det trur fylkesarbeidssjef Frode Henden.

Hydro i Årdal
Foto: Steinar Lote / NRK

Frode Henden
Foto: NRK

Han seier millionane i omstillingstøtte kanskje ikkje hadde vore naudsynte for å halde sysselsettinga oppe.

- Arbeidsløysa er så låg at det over tid kan bli vanskeleg å få tak i den kvalifiserte arbeidskrafta som ein treng.

Arbeidsløyse under gjennomsnittet

I Årdal er arbeidsløysa på ein prosent, i Høyanger 1,5 prosnet, begge langt under gjennomsnittet både for fylket og landet under eitt. Samstundes tek dei to industrikommunane imot millionsummar i omstillingsstøtte. For to år sidan fekk Årdal og Høyanger til saman 100 millionar frå Staten, og Hydro har og bidrege.

- Men pengane trengst når det skaffast nye arbeidsplassar til erstatning for framtidige nedskjeringar i Hydro, seier Frode Henden.

Folk flytter når dei misser arbeidet

Kommunane vil få store utbetalingar også framover, no vil problemet til dei to industrikommunane ikkje vere arbeidsløyse, men å få tak i nok folk.

- Ut i frå arbeidsløysetala er det ikkje noka krise, men ein ganske stor del av problemet til Årdal er at krisa blir eksportert, arbeidsløysa har aldri vore høg i Årdal, sjølv om vi har hatt ein reduksjon i tilsette på Hydro frå 2000 til no omlag 700. Noko har gått over til andre verksemder, men det er klart, folketalet i kommunen går ned, og folk reiser derifrå.

Kjartan Longva
Foto: NRK

- Kan få problem

Høyanger-ordførar Kjartan Longva er spent på om han klarer å få tak i folk til dei nye bedriftene som skal til industribygda,

- Det veit vi ikkje enno, det er klart at det vil vere heilt avhengig av storleiken, vi har jo etablert ein del bedrifter som kan rekruttere over lang sikt, men vi arbeider blant anna med ei bedrift som i utgangspunktet må ha minimum 104 personar, og då kan det hende det blir eit problem, det må vi ta etter kvart som det dukkar opp.

-Korleis vil de då løyse den utfordringa?

- Det veit vi jo ikkje endno, men vi må jo ha folk. Og eg ser heller ikkje vekk frå at det kan vere ein del som går over frå dei andre bedriftene vi har i Høyanger.

- Tala fortel ikkje heile sanninga

Men Kjartan Longva meiner likevel at dei låge arbeidsløysetala ikkje dekker heile biletet, han meiner at hovudårsaka til at det er lite arbeidsløyse i Høyanger er at folk flyttar til andre stader når dei misser arbeidet sitt. Men han vedgår at hovudutfordringa også for Høyanger vil kunne bli å få tak i folk til ledige stillingar.

Fylkesarbeidsjef Frode Henden er samd i at for Høyanger og Årdal sin del er ikkje utfordringa arbeidsløyse, men å skaffe folk til arbeidplassane i bygda.

- I dag handlar det om å skaffe folk til bygda, slik er det i dei aller fleste kommunane i Sogn og Fjordane. Ifølgje næringsbarometeret for Sogn og Fjordane og Hordaland manglar Sogn og Fjordane 1200 arbeidstakarar. Det er ei stor utfordring for Sogn og Fjordane å klare å konkurrere også nasjonalt om arbeidskrafta.