Hopp til innhold

Her lærer dei Liverpool-måten å spele på

I tre dagar skal 224 unge fotballtalent terpe på «the Liverpool-way of playing». Og det frå sjølvaste Ray Clemence.

Ray Clemence med ivrige fotballspelarar i Førde

KOSAR SEG: Ray Clemence reiser så ofte han kan rundt med trenarane frå Liverpool-akademiet. – Dei fleste er sjølvsagt for unge til å ha sett meg i aksjon, men dei får sjå ein video frå då eg spelte. Så kanskje dei skjønar at eg var halvveges ein god keeper, humrar han.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Keeperlegenda frå 70- og 80-talet står i spissen for kobbelet på 15 instruktørar frå akademiet til sjølvaste Liverpool.

Torsdag klokka 10 var ventetida endeleg over for 224 spelarar i alderen 6–14 år. Laurdag ettermiddag er det over.

– Det er jo fantastisk. Over 200 ivrige gutar og jenter i ulike aldrar som skal lære seg Liverpool-måten å spele på, strålar keeperlegenda Clemence.

Han vakta buret i 666 kampar for Liverpool etter overgangen frå Scunthorpe i 1967. Med Anfield-klubben vann han FA-cupen, Serievinnarcupen og Super Cupen før han i 1981 valde London og Tottenham Hotspur.

Ser allereie talent

Der vart det 250 kampar til han la opp i 1988. Keeperen som fekk 61 kampar med flagget på brystet. Som Liverpool-keeper heldt Clemence nullen i 335 av kampane han spelte. I Førde har han allereie sett mykje bra.

– Her er talent, og det er visst ein som allereie er involvert i det norske landslaget, seier Clemence.

Etter at han la opp som profesjonell utøvar, prøvde han seg som manager i både Tottenham og Barnet. I nyare tid har han hatt ansvaret for dei engelske landslaga, ein jobb han gav seg med i oktober i fjor.

Vil gi noko attende

No reiser han rundt med Liverpool sitt akademi så ofte han kan.

– Dette er morosamt. No er eg ferdig med det profesjonelle, og dette er ein sjanse til å gi noko attende og motivere ungane til å bli betre og betre. Og kven veit, kanskje er det ein ny landslagsspelar her, seier han.

Tarjei er ein som har hatt ein lærerik første dag med trenarkreftene frå fotballøya. Ein heldig spelar får seinare høve til å vitje og trene med Liverpool-akademiet.

– Det har vore gøy. Vi har trena mykje på finter og slikt. Instruktørane er veldig flinke, smiler han.

Tre av dei finaste dagane

Knut Erik Folland

UNITED-FAN: Førdetrenar, Knut Erik Folland lot kompetansen til Liverpool tøye grensene hans i forhold til sin forkjærleik til Manchester United.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Førdetrenar Knut Erik Folland seier seg svært nøgd med opplegget.

– Dette er kjempekjekt. Trenarane frå Liverpool er fantastiske. Mange har jobba som galne for å få detta på plass.

Han fortel at det vart fort fullt opp med ivrige fotballtalent. Folland fortel at Liverpool først var litt skeptiske i og med at dei hadde lita tid til påmelding.

– Men eg sa at det dette er eit kjærkome tiltak i fylket vårt, og vi er veldig fornøgd med at dei valde å komme hit, seier Folland.

Responsen viser at det var mange som ville vere med å trene med det kjente akademiet. Folland fortel at det var ventelister i dei fleste årsklassane.

– Så eg trur dei har tre av dei finaste dagane sine på mange år på ei fotballbane. Ein fin måte å bruke haustferien på, seier han.

Viktig læring for alle

For Førde fotball betyr dette mykje. Folland seier at relasjonen til Liverpool er viktig.

– Dei har sagt at dersom dette fungerer bra, så har dei lyst til å kome att, og gjere dette til ei årleg greie, det er bra med tilgang på kompetansen deira. Å ha ein relasjon til dei er ikkje noko ulempe, fortel han.

– Sjølv ikkje for ein Manchester United-fan?

– Liverpool-tilnærminga mi har letta litt etter møtet med dei. Eg tykkjer dei er kjekke folk, veldig ryddige og ekstremt flinke. Kompetanse kan gå ut over grensene i forhold til forkjærleiken til United, ler han.

I tillegg til instruktørar frå Liverpool har dei også 14 eigne instruktørar som får vere med kvar dag. Folland trur dette er viktig læring for dei også.

– Eg trur dei fleste har mange tips dei kan plukke opp og vil få fine dagar her. Det er masse læring som vi kan vidareføre på våre eigne unge, seier han.

Fire stikkord

Ray Clemence og Bernt Jon Vole

LEGENDE: Keeperlegenda Ray Clemence her i lag med Liverpool sin representant i Norge, Bernt Jo Vole.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Liverpool International fotball academy har vore i Norge i 10 år. Bakgrunnen for at dei reiser rundt i landet er at Liverpool ønskjer som klubb er å gje noko tilbake til fansen, og løfte sitt akademi ut til folket. Det fortel Liverpool sin representant i Norge, Bernt Jo Vole.

– Vi blir veldig godt mottekne. Eg må rose Førde IL for jobben dei har gjort. Det er to og ei halv veke sidan dei fekk beskjeden. Dei har sett opp eit apparat her som er veldig bra, seier Vole.

På desse tre dagane skal barna få den same opplevinga som dei som er på akademiet i Liverpool med dei same øvingane, kan han fortelje.

– Over 200 unge talent kan ikkje reise til Liverpool. Difor tek vi med oss 15 trenarar frå Liverpool for å vise dei dette.

Vole fortel at dei ikkje handlar om at Liverpool er der for å sjå etter talent, men at det like mykje handlar om å lære barn og unge om det å oppføre seg både på og utanfor bana.

– Vi har fire stikkord som vi går etter. Det er å respektere kvarandre, gjere sitt beste, høyre etter og prøve å vere eit lag der ein må ta omsyn til andre, forklarar han.