Hopp til innhold

Lærer norsk med frivillig arbeid

FØRDE (NRK): Den internasjonale språkkafeen i Førde er ein viktig møteplass for å snakke norsk og å møte lokale førdianarar.

På internasjonal språkkafé er det dugnad og ein møteplass for å øve på å snakke norsk

SJÅ VIDEO: Annankvar torsdag er det internasjonal språkkafé i Røde Kors-bygget i Førde. Her kan asylsøkarar og busette flyktningar snakke norsk og vere med å gjere ein dugnadsinnsats. (Foto: Ahmad Dean)

Språkkafeen er eit tiltak som byrja for snart eitt år sidan, og flyktningar er med som frivillige både på språkkafé og med andre aktivitetar.

Torun Lucassen er koordinator for flyktningguidar i Førde Røde Kors og ansvarleg for språkkafeen, som blir arrangert annankvar torsdag.

– Målet er å ha ein sosial arena for asylsøkarar og busette flyktningar, der det viktige er å snakke norsk og å møte nordmenn og flyktningar som har vore her lenger.

Torun Lucassen, Førde Røde Kors

DUGNAD: Torun Lucassen er koordinator for flyktningguidar i Førde Røde Kors og ansvarleg for språkkafeen.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Viktige ressursar

Lucassen og Røde Kors meiner det er viktig at flyktningar kan vere med å bidra til ting som skjer i samfunnet.

– Nordmenn treng å sjå at flyktningar har ressursar, at dei ikkje er ei belastning for samfunnet, men eit gode for samfunnet.

Ho meiner det er verdifullt å gjere aktivitetar saman med flyktningar, fordi ein då blir kjend med enkeltmenneske og ikkje ser på flyktningar som ei gruppe.

Eman Alibrahim har vore med å hjelpe til på språkkafeen i nesten eitt år, og ho seier at ho har hatt mest språkleg utbytte av å vere med. Men ho har òg eit godt sosialt utbytte av å vere med. Når NRK besøker språkkafeen, har ho bursdag.

Eman Alibrahim

BURSDAG: Eman Alibrahim er på språkkafé på bursdagen sin, og får mange gratulasjonar.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Det er ikkje ofte eg feirar bursdag, men det er kjekt at alle eg kjenner her seier gratulerer med dagen, seier ho.

Og i anledning bursdagen lærer ho villig vekk korleis ein seier gratulerer med dagen på arabisk.

Treng aktivitetar

Fata Tajik er med for andre gong. Han har sjølv vore lenge i Førde, men har nokre kameratar som har vore her i veldig kort tid.

Derfor køyrer han dei til språkkafeen, og slik har han sjølv òg blitt med.

– Dei kan ikkje språket enno, så dei sit berre på mottaket. Derfor tar eg dei med hit, og så speler vi òg fotball tre dagar i veka. I helga kjem dei på besøk til meg og så lagar vi mat, seier Fata.