Hopp til innhold

Lærdøler flukta frå dødstornado

I ein liten metallboks søkte lærdølen Per Jerving og familien hans tilflukt på den verste tornadodagen på nær 40 år i USA.

Tornado, Arkansas

HERJA: Slik såg det ut etter at ein tornado feia over Arkansas.

Foto: Danny Johnston / Ap

Kring 300 personar er så langt omkomne etter at fleire tornadoar har råka USA dei siste dagane. Dødstala stig framleis.

Då tornadoen feia gjennom delstaten Tennessee vart meir enn hundre hus øydelagde berre i byen Murfreesboro. Her har Per Jerving med familien budd sidan 1991.

- Vi er etterkvart vande med slike tornadoar, mend et er ganske skremmande når det blir så kraftig som denne gong, seier Per Jerving til VG Nett.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Etter tornadoene i USA

Etter tornadoene i USA

Kjende seg trygge

For tre år sidan installerte familien eit tornado-sikkert rom i tilknytning til huset. Metallboksen er berre 2,5x2 meter, men familien på fire og dei to hundane deira søkte tilflukt der då alarmen gjekk.

Her sat dei i 45 minuttar medan tornadoen herja. Lærdølen meiner byen trass alt har klart seg langt betre enn områda som er verst råka av katastrofa.

- Vi kunne høyre korleis vinden rasa utanfor, men rommet er konstruert for å tåle ein svært kraftig tornado, så vi kjende oss relativt trygge, seier Jerving.

Onsdag var ifølgje nettavisa den mest døydelege tornadodagen sidan 1974. I april for 37 år sidan mista 329 menneske livet.