NRK Meny
Normal

Lærdøl debuterer med fjellkrim

Ole Ramshus Sælthun frå Lærdal får abstinensar om han er for lite i fjellet. No debuterer han som krimforfattar med ei bok som går føre seg i Jotunheimen.

Ole Ramshus Sælthun

NUMMER 75: Søre Soleiebotntind var Sælthun sin 75. topp på over 2000 meter i 2016. Den ligg midt i fjellområdet han har nytta som kulissar for boka si.

Foto: Privat

– Eg kallar det fjell og bygdekrim. Det skjer aller mest i Lærdal og litt i Årdal, Luster og Sogndal. Så skjer det og ein god del i Jotunheimen, seier Ole Ramshus Sælthun.

Sælthun er frå Lærdal, og kjenner indre Sogn godt. Han fortel at grunnen til at han no gir ut krim er at han på eit tidspunkt vart interessert i kvifor nokre bøker og forfattarar trefte han, medan andre ikkje gjorde det.

– Eg fekk ein sjølvsikker og kanskje litt arrogant tanke om at dette skulle eg gjort like godt sjølv. Så dukka dette plottet opp, eg starta å skrive og vart oppslukt av mi eiga verd. At det no skal givast ut og at andre skal lese det gir litt skrekkblanda fryd, men eg må stå løpet ut. Det har tatt tre og eit halvt år å skrive, så eg håpar det fell i smak.

Nøgd

Hurrungane i Jotunheimen

VIKTIG: Hurrungane i Jotunheimen spelar ei viktig rolle i debutboka til Sælthun.

Foto: Erik Bolstad

Forfattaren ser på plottet og personane som det viktigaste for at ei krimbok skal vere god. Prosessen frå ide til bok var både kjekk og krevjande. Sælthun fortel at han er nøgd med resultatet og synest boka var spanande å skrive.

– Når eg skriv dykkar eg inn i verda, og då må eg bli der ei stund. Eg klarar ikkje skrive i ein halvtime. Når eg sit slik er eg heilt med. Det har vore stunder der eg har sveitta og vore litt nervøs medan eg har skrive.

Naturmenneske

Det at delar av handlinga går føre seg i fjellheimen er ikkje tilfeldig, Sælthun fortel at det kjendest meir naturleg enn å skrive krimbok med handling i ein storby.

– Det er enklare å skildre noko ein kjenner godt. Eg er eit naturmenneske, og får abstinensar dersom eg ikkje er nok ute. Eg har alltid gått mykje på toppturar, og i år har eg systematisert det litt. Målet var å vere på 100 toppar i løpet av året. Det går ikkje, men eg har vore på 75.

Ingen superhelt

I boka som kjem ut om nokre veker, og som Sælthun gir ut på eige forlag, møter ein ingen detektiv i mal etter Sherlock Holmes og Harry Hole. Forfattaren fortel at det var eit bevisst val.

– Det er for det meste lensmannskontoret i Lærdal som etterforskar saka, saman med ein etterforskar frå Kripos. Det er ingen superhelt som kan alt, og det var eit bevisst val. Eg tenkjer at det ikkje er så vanleg i ekte politiarbeid, i staden samarbeider folk om å oppklare saka.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast