NRK Meny

Lærdalstunnelen opna igjen

Lærdalstunnelen opna igjen

Lærdalstunnelen på E16 er no opna for trafikk igjen etter å ha vore stengd på grunn av mykje røyk. Røyken skuldast eit turbohavari i ein bil. Ein frykta ei stund at det kunne vere snakk om brann i ein bil, og brannvesenet rykte ut, seier trafikkoperatør Albert Sherington. Han seier det aldri har vore snakk om opne flammar.