Hopp til innhold

Lærdalselvi er eitt steg nærare friskmelding

I august fanga Veterinærinstituttet til saman 223 lakseungar ulike plassar i Lærdalselva. Dei analyserte prøvene viser ingen teikn til lakseparasitten gyro.

Lærdalselvi snart friskmeldt
Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Den meldinga vert teken godt i mot av leiaren i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun.

– Vi vart veldig glade når vi høyrde at det ikkje vart funne gyro denne gongen heller. Det er alltid like spennande når vi veit det har blitt teke prøver. Vi får berre håpe og tru at vi er over kneika, seier han.

Alvorlege parasittproblem

I 1996 vart lakseparasitten Gyrodactylus Salaris påvist i Lærdalselva for første gong. Året etter vart den behandla med rotenon. Denne behandlinga førte til tap av tolv tonn laks og sjøaure i elva.

Etter seks-sju år dukka parasitten opp på ny. I 2005–2006 og 2011–2012 vart elva behandla med surt aluminium. Dersom det ikkje vert oppdaga ny gyrosmitte innan 2017 vert elva friskmeldt.

God fangst

Sælthun seier dei har hatt bruktbart med laks i elva sidan det vart opna att for laksefiske for tre år sidan. Han seier rundt tusen laks blir tekne på land kvart år.

– Det er kanskje ikkje heilt tilbake til gamle høgder. Men ut ifrå føresetnaden så har fangsten vore bra.

Viss det skulle vise seg at dei er kvitt parasitten for godt, vil det bety mykje for laksefisket i bygda.

– Det vil bety at vi kan planleggje framtida på ein heilt annan måte enn i dag og vere sikre på at vi har fisken, seier Sælthun.