Hopp til innhold

Lærdal: - Krevjande første skuledag

– Nokre har mista hus, andre har mista bilete og nokre har mista kjæledyra. Vi skal ha tid til alle og prate med alle, seier rektor Ivar Fykse ved Lærdalsøyri skule.

Mange av barna i Lærdal miste heimane sine i storbrannen natt til søndag. I dag var dei alle tilbake på skulen, og rektoren legg ikkje skjul på at mange slit med sterke inntrykk.

FØRSTE SKULEDAG: Mange av barna slit med sterke inntrykk etter at dei mista heimane sine i storbrannen. SJÅ TV-SAKA!

Bygda har vore gjennom dramatiske døgn sidan elevane gjekk heim frå skulen fredag ettermiddag.

I dag hadde dei sin første dag tilbake på skulen etter storbrannen i helga. Alle elevane møtte opp.

– Elevane var rolege, dei høyrde og var avmålte. Du ser at dei er prega av dette. Sjølv om ein er førsteklassing eller tiendeklassing, så vil ein aldri gløyme denne situasjonen, seier rektor Ivar Fykse.

Samla alle

Skulen samla først dei tilsette klokka 08 for ei orientering. Klokka 09 vart elevane henta inn i «storstova». Der var både elevane og tilsette samla. Vi gav ein del informasjon, og så var det litt song og litt gode ord.

– Vi prøver så godt vi kan å ta innover oss situasjonen. Difor samla vi dei tilsette litt før, for å gå igjennom situasjonen, seier rektoren.

Han trur skulen vil hjelpe elevane gjennom ei vanskeleg tid for lokalsamfunnet.

– Vi ser at dei tek til seg den strukturen skulen er. Sakte men sikkert. Eg vil kalle skulen ein bauta i samfunnet her. Den er viktig både for born, ungdom, foreldre og oss tilsette.

Born reagerer ulikt

Øyvind Hamre er FAU-leiar ved skulen. Han og borna opplevde sjølv den dramatiske brann-natta. Dei reagerte svært ulikt.

– Ein av dei vart redd, stille og uroleg, medan den andre ville delta og hjelpe til, og prøvde å vere tøff.

Hamre meiner det vil gjelde for alle elevane.

– Alle kjenner på dette. Dei som ikkje er råka, har familie eller vener som er det. Elevane handterer dette på heilt ulike måtar. Det er viktig at dei får snakke om dette, men også at nokre får ro til å jobbe seg gjennom dette på sin måte.

Høyr rektor fortelje meir om fyrste skuledag:

Rektor Ivar Fykse fortel om første skuledag etter storbrannen i Lærdal. Fortel om korleis dei tok i mot elevane og tida framover.

TILBAKE PÅ SKULEN: Høyr rektor fortelje alt om den fyrste dagen tilbake. Foto og redigering: Stine Johansen. Reporter: Asgeir Reksnes.

– Skal vere rettesnor

Rektor Ivar Fykse vedgår at han var kjente på nervane før denne dagen.

– Eg hadde litt fuglar i magen, men eg visste at dette måtte vi gripe fatt i, seier rektoren.

Dei første timane gjekk til samtalar, teikning og song. Fykse trur elevane set pris på å komme tilbake til skulen, og får noko anna å tenkje på enn den dramatiske brannen og konsekvensane.

– Den viktigaste brikka er kontaktlærarane som følgjer opp elevane i kvar sin klasse. Det er dei som skal ha kontakt ut mot foreldre. Det er dei som kjenner elevane, seier rektoren.

Han vedgår at det er ein krevjande jobb å returnere til kvardagen.

– Kven blir ikkje berørt av dette. Men vi som jobbar på skulen er pedagogar, assistentane er drivne og vi skal vere profesjonelle. Vi har ikkje råd til, og skal heller ikkje, sleppe laus kjensler opp mot elevane. Vi skal vere deira rettesnor, seier han.

– Nokre har mista hus, andre har mista bilete og nokre har mista kjæledyra. Vi skal ha tid til alle og prate med alle, seier rektor Ivar Fykse ved Lærdalsøyri skule. Foto: Johan Moen. Reporter Asgeir Reksnes

GJELD ALLE: Alle kjenner på situasjonen, men kan reagere på og takle den ulikt, seier FAU leiaren. Foto og redigering: Stine Johansen. Reporter: Asgeir Reksnes.