Han ber om å få bli med i stor-Sogn-avtale att

Lærdals-ordføraren er skuffa over å ikkje få vera med att i intensjonsavtalen for stor-Sogn. For seint, svarar ordførarane i Sogndal og Balestrand.

Jan Geir Solheim

KREVJANDE FOR LÆRDALSORDFØRAREN: 23. mai skal mange sogningar røysta over ulike storkommunealternativ, men ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal har ingen intensjonsavtale å leggja fram for lærdølane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Lærdal ønskjer å vera med å diskutera ein storkommune i Sogn. Me tykkjer det er synd at Lærdal ikkje er med i intensjonsavtalen, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal.

Sognekommunen har i dag ingen intensjonsavtale å leggja fram for innbyggjarane sine på den store folkerøystingsdagen i Sogn, 23. mai.

Solheim har difor spurd ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal – munnleg – om Lærdal kan få koma inn att i intensjonsavtalen for eit stor-Sogn, etter at dei rauk ut av forhandlingane 1. februar (sjå eigen faktaboks).

Får ikkje høyrt folkemeining

– Me ønskjer å prata med dei andre kommunane, for viss dei skulle få til det dei er i ferd med, blir situasjonen ny i Sogn, seier Solheim.

Jarle Aarvoll, Jostein Aanestad, Sandra Opheim

HELD DØRA OPEN: Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll inviterer alle sognekommunane frå Høyanger og innover til kommunereformsamtalar etter at folkerøystinga i Sogn er unnagjort 23. mai. Her i samtale med varaordførar Sandra Opheim (MDG) i Årdal.

Foto: Noralv Pedersen

Lærdal har gjort to framstøytar i kommunereformarbeidet denne vinteren:

  • Årdal/Lærdal/Aurland: Samtalane med nabokommunane Årdal og Aurland havarerte før forhandlingane kom i gang.
  • Balestrand/Vik/Leikanger/Sogndal/Lærdal/Årdal: Lærdal var lenge med i dette storkommunealternativet i midtre og indre Sogn, men 1. februar blei altså Lærdal og Årdal sendt på gangen medan Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal kort tid etter blei samde om ein intensjonsavtale.

At Lærdal ikkje har ein avtale som lærdølane kan seia sitt om den 23. mai, er krevjande for ordføraren.

– Det eine problemet er at me ikkje kan halda ei folkerøysting. Me hadde ønskt å høyra lærdølane si meining i saka. Det andre er at me får dårleg tid, seier Solheim.

– For seint

– Me har ikkje anna enn tida og vegen for halda tidslinja som er lagt for avtalen, seier ordførar Aarvoll, og får støtte frå ordførarkollegaen i Balestrand, Harald Offerdal (Ap).

Arild Ingar Lægreid, Jan Geir Solheim, Harald Oppedal, Jon Håkon Odd

DET FORMELLE LØPET ER KØYRT: – Det er gjort vedtak i alle kommunestyra, så førespurnaden frå Lærdal kjem vel seint, og eg har heller ikkje sett ein formell førespurnad frå Lærdal, seier ordførar Harald Offerdal i Balestrand (nummer to frå høgre), her i samtale med ordførarkollegaene (f.v.) Arild Ingar Lægreid (Årdal), Jan Geir Solheim (Lærdal) og Jon Håkon Odd (Leikanger) under samanslåingsforhandlingane i Vik i januar i år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Både Offerdal og Aarvoll stiller seg undrande til at Lærdal ikkje gjennomfører ei innbyggjargransking. Signala frå innbyggjarane ville ha vore nyttige i det vidare reformarbeidet, meiner dei.

Solheim seier forhandlingsutvalet i Lærdal har vurdert ei slik gransking, men:

– Me har ikkje sett at me har noko alternativ til å ha ei spørjegransking om, fordi me ikkje har makta å koma fram til intensjonsavtalar eller andre avtalar.

Held døra open

Sjølv om Lærdal ikkje får bli innlemma i intensjonsavtalen om ein storkommune i Sogn før folkerøystinga neste månad, er Aarvoll open for at lærdølane kan bli med i diskusjonane att på eit seinare tidspunkt.

– Etter folkerøystinga vil eg invitera alle ni kommunane i Sogn regionråd til samtalar, der me orienterer om statusen i kvar einskild kommune og drøftar korleis med tek kommunereformarbeidet vidare, seier Aarvoll.

– Eg set pris på at døra ikkje er stengd. Det som er synd er at me ikkje har fått vore med i alle forhandlingane og fått vera med i ein intensjonsavtale, slik at me òg kunne halda ei folkerøysting, svarar Solheim.