Hopp til innhold

Lærdal står føre nye dramatiske kutt

Lærdal kommune står føre store økonomiske utfordringar. På kort sikt må kommunen spare 10 millionar kroner åreleg og både skule og eldreomsorg står i faresona.

Alf Olsen jr. er rådmann i Lærdal

OPPGITT: Rådmann Alf Olsen jr. vedgår at det er ein fortvilande situasjonen for både administrasjonen og dei folkevalde.

Foto: Kamilla Follevåg

– Dette er veldig alvorleg, seier ein tydeleg prega rådmann Alf Olsen jr. til NRK.no torsdag kveld.

Han har då sete i eit over tre timar langt møte for å orientere formannskapet om den pressa økonomiske situasjonen for kommunen. I løpet av to år har kommunen mist inntekter på eigedomsskatt på kraftverk på ni millionar kroner. I tillegg har kommunen sine inntekter på sal av kraft gått kraftig ned, noko dei vil halde fram med den komande tida.

– I sum utgjer dette på kort sikt ei utfordring på vel 10 millionar kroner årleg for Lærdal kommune. Ser vi litt lenger fram i fireårsperioden aukar utfordringa til 15 millionar kroner årleg, seier rådmannen.

Budd på ny omgang med kutt

Rådmannen skildrar situasjonen som dramatisk og alvorleg. Torsdag vart dei tilsette i kommunen orienterte, og på ettermiddagen møttest formannskapet for å ta tak i problema.

Lærdal kommune har nyleg lagt ein tøff periode bak seg, der dei på tre år har kutta 19 årsverk i kommunen.

– No må vi til på nye rundar for å ta ned driftsnivået, seier rådmannen som vedgår at situasjonen er tøff.

– At vi kanskje blir oppgitte og matte no i starten, det må vi akseptere, men vi må gå på for fullt, det er ikkje noko anna veg ut av dette, seier Olsen jr..

Varslar kutt innan skule og eldreomsorg

Spørsmålet om kvar ein skal kutte vil no bli det store og vanskelege spørsmålet for både administrasjonen og dei folkevalde. Sjølv gjer rådmannen seg følgjande tankar.

– Vi kan ikkje halde fram med ostehøvelprinsippet. Vi må gjere noko med dei overordna strukturane, vi må gå der dei store pengane finst. Det er primært innan oppvekst, pleie og omsorg og helse, seier han.

Rådmannen seier ein vil måtte kutte i storleiken fem til ti millionar kroner i kvar av sektorane. I praksis vil dette kunne bety ein reduksjon i talet sjukeheimsplassar og talet plassar i skulane.

– I praksis kan det bety ei skulenedlegging i yttarste konsekvens, men vi kan også gå for mellomløysingar, seier rådmannen.

– Vi står med ryggen mot veggen

Han presiserer at det er politikarane som må ta dei endelege avgjerdene.

Samtidig er han budd på sterke reaksjonar frå innbyggjarane på ein ny runde med kutt.

– Vi må forklare dei alvoret i situasjonen. Vi står med ryggen mot veggen, seier Olsen jr..