NRK Meny
Normal

Lærdal slår ring om presten

Folk i Lærdal skjønner lite av biskopen sitt syn på prest Helene Langeland si samlivsform. – Ho er eit vanleg menneskje som alle oss andre, seier dei.

Mona Grøttebø

LIKER PRESTEN: Mona Grøttebø er ein av fleire i Lærdal som støttar Helene Langeland.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Prest i Lærdal, Helene, Langeland, har måtte tole krass kritikk frå biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, fordi ho er sambuar og ikkje gift.

I eit brev adressert til Langeland skriv biskopen blant anna at det er «ein samlivsform som kyrkja ikkje kan støtte» og at presten ikkje har «vist den lojalitet mot kyrkja som ein bør kunne forvente».

No slår folket i Lærdal ring kring presten sin. Dei tykkjer kritikken frå biskopen er uforståeleg.

– Det er heilt vanleg i dagens samfunn og eg ser ikkje noko problem med det i det heile tatt. Eg tykkjer ho er ein folkeleg og kjekk prest, seier Mona Grøttebø.

– Ho er eit vanleg menneskje som alle oss andre, meiner ein.

– Kva samlivsform ho har er ikkje relevant for hennar jobb som prest. Ho gjer ein god jobb, seier ein annan.

Helene Langeland og brevet

FEKK REFS: Prest i Lærdal Helene Langeland fekk refs av biskopen i eit brev. I brevet stod det at kyrkja ikkje kunne støtte samlivsforma til Langeland, og at biskopen tykkjer ho har vore illojal.

– Ei tøff dame

Jan Geir Solheim

SKRYT: Ordførar Jan Geir Solheim meiner Langeland er ei tøff dame.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, delar folket sitt syn på saka. Han tykkjer det er modig av Langeland å stå opp mot biskopen i Bjørgvin.

– Eg kjenner Helene som ei tøff dame, og eg har veldig respekt for ho. Ho køyrer ein kamp som kan vere tøff for henne personleg. Eg veit Helene legger mykje av sjela si i jobben og då er det synd at ho føler seg utstøytt, seier ordføraren.

Solheim vil ikkje legge seg borti arbeidsforholda innan Den norske kyrkje, men tykkjer dei er i overkant konservative på enkelte område.

– Det gjer at dei har litt problem med rekrutteringa og det tykkjer eg er veldig synd. Difor meiner eg at kyrkja i Lærdal, i Sogn og Fjordane og i Norge bør ha likt syn i slike saker. Eg vil utfordre alle innanfor kyrkja til å i alle fall bestemme seg for kva som er synet til kyrkja, fortel han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.