NRK Meny

Lærdal sjukehus på landstoppen

Sjukehusa i Lærdal og på Eid kan syne til gode resultat i den landsomfattande undersøkinga om korleis brukarane opplever kvaliteten ved norske sjukehus. Det skriv Helse Førde i ei pressemelding. Lærdal ligg, som dei siste åra, heilt i tet på nasjonalt nivå, og Nordfjord sjukehus gjer det også betre enn snittet på dei fleste område. Førde sentralsjukehus ligg på landsgjennomsnittet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå