Lærdal sjukehus får kritikk: – Trudde ho skulle døy

Sjukehuset i Lærdal greip for seint inn etter at ei kvinne byrja å blø.

Lærdal sjukehus

LÆRDAL: Sjukehuset i Lærdal får refs frå fylkesmannen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det sto om livet. Ho har bakgrunn frå helsestellet og erfaring med blodtap. Ho trudde at ho skulle døy, seier pasientens ektemann, som uttaler seg til Bergens Tidende på hennar vegne.

Det var Bergens Tidende som først omtala saka.

Fem dagar etter ein kneoperasjonen begynte ei 65 år gamal kvinne å blø frå tarmen. Ho blødde i nesten eit døgn før vakthavande skjønte alvoret og fekk sendt ho med luftambulansen til Haukeland universitetssjukehus i Bergen, der ho fekk hjelp.

Ekteparet klaga seinare på behandlinga ved Lærdal sjukehus, og får no støtte frå Fylkesmannen, som slår fast at pasienten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp.

«Blødinga vart ikkje tatt raskt nok på alvor, og nødvendig behandling og flytting vart sett i verk for seint», heiter det i uttala til Fylkesmannen.

Tar sjølkritikk

Overlege på Lærdal sjukehus, Truls Jellestad beklagar sterkt at saka ikkje vart handtert betre, og seier seg eining i konklusjonen til Fylkesmannen.

NRK har vore i kontakt med pasientombod i Sogn og Fjordane og Hordaland, Lisa Førde Refsnes, som uttaler at ho ikkje har noko å leggje til ettersom Fylkeslegen har «sagt det som skal seiast».