Hopp til innhold

Lærdal-ordføraren forventar at kommunen vert tatt med i planlegginga

Lærdal-ordførar, Jan Geir Solheim (Sp), fryktar nedslaktinga av 2200 villrein i Nordfjella vil gje like lange ettervirkningar som funnet av gyrodactylus salaris i Lærdalselvi.

Jan Geir Solheim

IKKJE LUKKAST: Lærdal-ordførar, Jan Geir Solheim (Sp) har prøvd å få til eit møte med ministeren der dei kan diskutera korleis dei skal løyse det praktiske med fellinga av 2200 villrein i Nordfjella. Han har enno ikkje lukkast med det.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

– Avgjerda var forventa, men det var ein forferdeleg beskjed å få, seier Jan Geir Solheim til NRK.

I dag gjekk landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) inn for å avliva 2200 villrein i Nordfjella for å bli kvitt den smittsame og farlege hjorteviltsjukdommen skrantesjuke.

– Det er kanskje den vanskelegaste avgjerda eg har tatt som landbruksminister, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale til NRK.

Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Vitskapskomiteen for mattryggleik har anbefalt å få skote ut heile villreinstammen så fort som rå, for å unngå at sjukdommen spreier seg.

Men Lærdal-ordføraren syns ikkje dei råka kommunane har blitt høyrd tilstrekkeleg, og fryktar nedslaktinga vil gje langvarige konsekvensar.

Sjuk reinsbukk

SMITTSAMT: Tre villrein i Nordfjella har fått stadfesta skrantesjuke tidlegare. No vert 2200 skote ut for å hindra spreiing av sjukdommen.

Foto: Runar O. Sletten Bjøberg

Ikkje fått svar

Solheim seier dei har bede om eit møte med ministeren, men framleis har dei ikkje lukkast.

– Det er Mattilsynet som skal bestemma og legga ein plan for gjennomføringa av nedslaktinga, men det er vesentleg at vi som kommunar får vera med i planlegginga saman med grunneigarane, seier Solheim.

Korleis ein reint praktisk skal få avliva all villreinen er ikkje bestemt, men dei to mest aktuelle alternativa er vanleg jakt eller bruk av eit mobilt slakteri.

Landbruksminister Jon Georg Dale på skrantesyke-befaring i Nordfjella

OBSERVASJON: I slutten av april var Jon Georg Dale på befaring i Nordfjella.

Foto: Roger Lien / NRK

– Uansett vert det store mengder slakteavfall og korleis ein løyser det er detaljar vi må få diskutert, seier Solheim.

Landbruksministeren har bede Mattilsynet og Miljødirektoratet legga ein plan for korleis ein skal få tatt ut reinen og ventar eit svar i midten av juni.

– Eit drastisk tiltak

Rådgjevar i Verdas naturfond (WWF), Sverre Lundemo, skulle helst sett at ministeren tok seg litt betre tid før han tok avgjerda om å skyta ut all villreinen i området.

– Det er jo eit drastisk steg og det er ille att dei ser det naudsynt å avliva så mange reinsdyr. Villreinen er truga på verdsbasis og ein burde snudd kvar ein stein for å finna ei anna løysing enn denne, seier Lundemo.

Gyro-samanlikning

I 1996 vart Gyrodactylus salaris oppdaga i Lærdalselvi. Ein parasitt som gjorde at all villaks i den populære elva måtte avlivast og det tok heile 17 år før den første laksen vart fiska opp att frå elva.

– Eg trur det som skjer med villreinen no er veldig likt det som skjedde med laksen. Der tok det nesten 20 år før ting var tilbake til normalen og det kosta mange hundre millionar, seier Solheim.

Villreinstammen i Nordfjella, som ligg i Buskerud, Sogn og Fjordane og Hordaland, utgjer om lag 2.200 dyr, det vil seie 10 prosent av den norske villreinstammen.

Tre villrein i Nordfjella og på to elg i Sør-Trøndelag har fått stadfesta skrantesjuke.