Hopp til innhold

Dette var varmaste staden i fylket i går

Onsdag var det sett varmerekord fleire stader i landet. Her i fylket vart det målt rekord på fire ulike målestasjonar.

Lærdal

VARMEREKORD: Her i Lærdal har det ikkje vore målt så høg temperatur i juli månad som onsdag, i alle fall ikkje sidan 2008.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Varmast var Lærdal med 32,8 grader. Så varmt har det ikkje vore i bygda før, i alle fall ikkje sidan 2008, då målestasjonen vart sett opp.

På heile sju målestasjonar i Sogn og Fjordane vart det målt 30 grader eller meir. Fire målestasjonar målte også dei høgaste julitemperaturane i målehistorikken.

Lærdal i landstoppen

Desse er Vangsnes (30 grader), Fureneset (30,5 grader), Sandane Lufthamn (29,9 grader) og Lærdal med sine 32,8 grader.

Lærdal hevda seg også i kampen om å vere den varmaste staden i heile landet onsdag.

– Alle fylka som eg har varsling for på Vestlandet og i Trøndelag har over 30 grader. Lærdal var blant dei høgare av dei. Det var ein stad det var 33,3, men Lærdal kom veldig høgt oppe på lista for heile landet også, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Fleire har meldt inn endå høgare, men uoffisielle, temperaturar til NRK. På Ljøsne i Lærdal skal det ha blitt målt 33,1 grader, medan det ein stad i Høyanger skal blitt målt 34,1 grader.

Finvêret held fram

Og fortvil ikkje, for det gode vêret vil halde fram ut helga, sjølv om temperaturane vil variere litt.

– Det ser ikkje ut til at vi vil få fullt like høge temperaturar i dag som i går, men vi skal ikkje sjå vekk frå at vi kjem opp mot 28 til 30 grader i dag også på enkelte stasjonar, seier Livik.

På kysten vert det litt lågare temperaturar, då det kjem ein meir nordleg trekk. I kveld aukar vinen på til nordleg, og kanskje frisk bris langs kysten nord i fylket.

– Elles er det stort sett fint vêr, men det kan vere utrygt for enkelte lokale ettermiddagsbyger, seier Livik.

Stort sett fint heile helga

Fredag vil temperaturane gå litt opp igjen, og truleg vere på høgde med onsdagen.

– Det vert fint vêr heile dagen ser det ut til, sjølv om vi aldri torer å utelukke enkelte byger i indre og midtre strøk når det blir så varmt, seier statsmeteorologen.

På laurdag blir det på same vis, men med litt lågare temperaturar. Søndag går dei endå litt lenger ned, og utover dagen vil det bli litt meir ustabilt vêr.

– Det ser ut som at ytre strøk slepper unna med opphaldsvêr, men det blir litt meir skya utover dagen, seier han.