Hopp til innhold

Lærdal må ha nytt skredsonekart, men det går truleg ikkje ut over attreisinga etter brannen

Lærdal kommune må få på plass eit nytt skredsonekart før dei kan starte gjenreisinga av bygningane som gjekk med i storbrannen for fire veker sidan.

Brannen øydela både bilar og utstyr på E. Opedal sitt tomt i Lærdal

ATTREISING SOM PLANLAGT: Utarbeiding av nytt skredsonekart skal ikkje forseinke oppattbygginga i Lærdal, meiner ordføraren.

Foto: Jan Erikstad

Ordførar Jan Geir Solheim sier han ei stund frykta at dei nye krava skulle føre til at gjenreisingsarbeidet skulle bli forseinka.

Men no er geologar frå NGI på veg til Lærdal, og i morgon skal dei på helikoptersynfaring. Etter det skal rassonekartet kome ganske raskt, seier Solheim.

– I og med at vi får geologar på plass i dag trur eg planlegginga kjem til å gå fort. Dersom det viser seg at vi må opp med ein skredvoll skal vi sjølvsagt gjere det vi kan for å få den fort på plass også.

Jan Geir Solheim

FRYKTA EI STUND FORSEINKING: Ordførar Jan Geir Solheim trur ikkje arbeidet med skredsonekart skal gå ut over prosessen med attreising av hus på Lærdalsøyri.

Foto: NRK

Reguleringsplan frå 1971

Dagens reguleringsplan er frå 1971. Sidan den gong har det skjedd mykje både med klimaet og med krav frå styresmaktene, seier ordføraren.

– Det gjer at vi må ha geologar på plass i Lærdal for å sjå på rasfaren, og så må det utarbeidast matematiske tabellar.

– Greier de å halde planen om attreising i løpet av to til fem år?

– Planen er ikkje heilt lagt, men eg trur vi skal greie det.