Hopp til innhold

Slepp snart å spare på straumen

Først mista dei straumen i storbrannen, så måtte dei spare på den. Frå laurdag skal lærdølene igjen ha trygg straumforsyning. No takkar energiverket tolmodige innbyggjarar.

Brannråka trafostasjon i Lærdal

SYNFARING: Representantar frå NVE og Lærdal Energi ser på den utbrende trafostasjonen etter storbrannen i Lærdal.

Foto: Eva Cathrine Berget / NRK

– Status nett no er at vi reknar med å kople inn att den normale straumforsyninga i løpet av kvelden. I løpet av morgondagen håpar vi alt er på plass att. Då er vi tilbake der vi var før brannen.

Det seier dagleg leiar Per Gullaksen i Lærdal Energi til NRK.no.

Storbrannen tok viktig knutepunkt

Då storbrannen natt til søndag rasa gjennom Lærdalsøyri, slukte flammane også energiverket sin sekundærstasjon – midt i brannområdet. Trafoanlegget var det viktigaste knutepunktet for straumforsyninga til tettstaden.

Brannen tok straumen på Lærdalsøyri, og sette også den automatiske naudvarslinga i 40 tunnelar i Sogn og Fjordane ut av drift. Først måndag fekk dei første straumen att, takka vere mellombelse aggregat.

– Vi har hatt ein stabil straumsituasjon sidan tysdag, då vi fekk kopla inn ei av dei to forsyningslinjene som vi normalt har. Men sidan vi berre har ei forsyning inn, er vi ekstra sårbare. Vi har derfor bede innbyggjarane i Lærdal om å ta det litt med ro fram til vi har all permanent straumforsyning på plass att, forklarer Gullaksen.

Har spart på straumen

Lærdølene har altså blitt bedne om å spare på straumen. Energiverket har oppmoda folk om å fyre med ved eller andre ikkje-elektriske varmekjelder.

– Responsen har vore veldig bra. Folk i Lærdal har tatt dette alvorleg og er veldig forsiktige og støttar oss i den situasjonen vi er i.

I løpet av laurdagen får innbyggjarane løn for strevet. På under ei veke har ein makta å bygge opp at ei stabil og trygg straumforsyning.

– Det er takka vere all hjelpa vi har fått. Vi har sjølvsagt hatt eit lokal team som jobba veldig bra, men alt under brannen og dei første timane ringde alle omkringliggjande energiverk og kraftprodusentar oss for å tilby hjelp. Vi har hatt inne enormt mykje ressursar som har hjelpt oss med både mellombelse løysingar med aggregat, og å få plass ei permanent løysing.

– God, mellombels løysing på plass

E-verksjefen er også klar på at innbyggjarane sitt moderate straumforbruk har vore viktig.

– Bygdefolket i Lærdal har vore veldig tolmodige med oss. Dei har respondert bra når vi har bede dei om å redusere straumforbruket sitt. Det ser vi har fungert, og vi er veldig takksame.

No er ein mellombels stasjon, i form av ein stor, avansert container på plass i bygda. Den skal inntil vidare erstatta sekundærstasjonen som hamna midt i branninfernoet.

– Denne er like god som den permanente løysinga som vi etter kvart vil få på plass. Og då snakkar vi om nokre månader, seier Gullaksen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lærdal Energi sin sekundærstasjon på Lærdalsøyri

TOK STRAUMEN: Denne sekundærstasjonen var det viktigaste knutepunktet for straumforsyninga i Lærdal sentrum. Natt til søndag hamna den midt i flammeinfernoet.

Foto: Eva Cathrine Berget / NRK

Gullaksen prisar seg lykkeleg over at energiverket i fleire år har hatt kriseplanar med formalisert samarbeid mellom omkringliggjande energiverk, dersom noko skulle skje.

– Vi er eit lite energiverk. Det er klart at dette er ei formidabel sak for oss. Både samarbeidet med naboane i Sogn, fylkesberdskapen og heilt opp til NVE på nasjonalt nivå har fungert veldig bra, meiner han.

NVE vil dra lærdom

Fredag fekk han høve til vise Arthur Gjengstø, leiar i beredskapsseksjonen i NVE skadane og arbeidet som er gjort for å sikre straumforsyninga etter storbrannen.

– Vi ser omfattande øydeleggingar., og vi høyrer om eit omfattande arbeid frå Lærdal Energi si side for å få gjenoppretta normal straumforsyning så fort som mogleg. Det er ei veldig mobilisering av energiverka både i Indre Sogn og heile fylket, seier Gjengstø til NRK.no.

Han rosar energibransjen for å ha vore audmjuke og ha trekt vekslar på kvarandre.

– Vi har i dag fått stadfesta at det er mykje godt i ein lokalt forankra kriseberedskap. Her har ein fått hjelp og utstyr frå energiverk i heile fylket, ja heilt frå Østfold. Vårt inntrykk er at det er eit godt forankra beredskapssamarbeid i området i forhold til energiberedskap. Den må ein bygge vidare på, fastslår beredskapssjefen.

Samstundes meiner han at ein må trekkje lærdom av storbrannen.

– Dessverre at også det som nesten umogleg å tenkje seg kan skje, stundom også skjer. Ein må ta med seg læringspunkta i samband med førebygging og krisehandtering. Vi må også få fram alt som fungerte bra. Vi skal ikkje som tilsyn berre slå ned på det som ikkje er bra, vi skal også lære av dei gode historiene, seier Arthur Gjengstø i Norges vassdrags- og energidirektorat.