Hopp til innhold

Lærdal får 19 millionar frå staten etter storbrannen – ordføraren er skuffa

Regjeringa gir 19 millionar kroner til gjenoppbygginga etter storbrannen i Lærdal. Kommunen søkte om langt meir.

Jan Geir Solheim

SKUFFA: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, er skuffa over summen og hadde forventa langt meir.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Vi har vore opptekne av å strekke oss så langt vi kan for å imøtekomme ønskjer og krav frå Lærdal. Det vi har kome fram til er at dei til saman vil få 19 millionar kroner, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Lærdal har tidlegare fått fem millionar i akutthjelp, men bad om 50 millionar frå staten. Om lag 70 personar vart huslause då 40 bygningar, av dei 17 bustadhus brann ned til grunnen natt til 19. januar.

Jan Tore Sanner

STREKTE SEG LANGT: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Sanner seier det er ingen tvil om at lærdølane treng hjelp.

– Det er ingen tvil om at dei vart ramma av ei stor katastrofe og framleis har utfordringar. Vi har vore opptekne av å komme Lærdal i møte så langt det er mogleg. Samstundes må vi ta omsyn til andre kommunar som blir ramma av slike katastrofar, seier han.

Kan søkje fylkeskommunen

Ingen kriser er like, men jammen er det noko som skurrar i mine øyre. Vi er ramma på så mange felt at eg hadde forventa at dei hadde følgt planen vår i mykje større grad.

Jan Geir Solheim, ordførar Lærdal

I dei 19 millionane staten tilbyr har allereie fem av dei gått til brannsløkking og handtering av krisesituasjonen. I tillegg kjem seks millionar kroner til reparasjonar i den kommunale infrastrukturen, tre millionar til kompetanse- og leiarstøtte.

Fem millionar er sett av for neste år som gjer det mogleg å forlenge omstillingsprogrammet som kommunen har vore inne i.

– Er ikkje dette ein god del mindre enn det som Lærdal i utgangspunktet hadde søkt om?

– Søknaden frå Lærdal gjekk lenger enn det vi hadde funne rom for. 30 av dei millionane som kommunen søkte om er knytt til eit omstillingsprogram som fylkeskommunen har ansvar for. Det betyr at det framleis vil vere mogleg for Lærdal å få støtte til dette frå fylkeskommunen, forklarar Sanner

Skuffa over Sanner

Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim seier han er skuffa over summen som Sanner no har lagt fram.

– Eg føler at vi hadde sendt ein veldig god søknad og hadde forventa å bli møtt på ein anna måte, seier Solheim.

– Kva gjer de no når de får mindre enn det de bad om?

– Mykje av dette gjekk med til å dekke utgifter til andre brannkorps. Vi har allereie hatt mykje innleie av folk i kommunen både administrativt og ute på plan og byggjesaker. Her er det brukt så mykje pengar allereie at eg veit ikkje anna enn at eg må setje meg ned å rekne og sjå på kva vi kan gjere med det, seier han.

Millionane allereie brukt opp

Solheim seier det ikkje er noko tvil om at Lærdal er i krise.

– Eg ser det kvar dag. 6,13 millionar av det vi har fått allereie har gått med til å dekke kostnader av skader på kommunal infrastruktur. Så det er ikkje noko pengar som blir att i Lærdal på noko som helst møte, seier Solheim.

Ordføraren fryktar at dei 19 millionane allereie er brukt opp.

– No er vi kanskje avhengig av at nokon reiser det som ei eiga sak på stortinget. Det er ei moglegheit, men det krev jobbing og at vi trur vi har eit fleirtal bak.

Fekk klare lovnader

– Det som eg er litt skremt over er at vi fekk så klare lovnader allereie måndagen etter brannen med besøk av både statsminister og justisministeren. Vi har i tillegg brukt mykje tid på å lage ein veldig god plan. Så må vi no kjempe på oppløpet for det. Det hadde eg ikkje forventa, seier Solheim.

Ordføraren meiner summen regjeringa kjem med tyder på at kommunen ikkje har blitt forstått.

– Eg har vore i kontakt med andre som har hatt liknande kriser, ingen kriser er like, men jammen er det noko som skurrar i mine øyre. Vi er ramma på så mange felt at eg hadde forventa at dei hadde følgt planen vår i mykje større grad.