Helse Vest har informert helseminister Dagfinn Høybråten om at dei held fram med å leiga inn gynekologar så lenge det trengst for å driva fødetilbodet i Lærdal. Gynekologane skal ha ansvaret for akuttberedskap for naudkeisarsnitt 24 timar i døgnet, også etter at fødeavdelinga eventuelt blir gjort om til ei forsterka fødestove.
Kirurgane nekta
Eigentleg skulle kirurgane på sjukehuset ha ansvaret for denne beredskapen, men dei nektar å utføra naudkeisarsnitt fordi dei ikkje kjenner seg kompetente til å utføra slike inngrep. Ein vikarstafett av gynekologar betyr at føresetnadene for ei forsterka fødestova er på plass, sjølv om viseadministrerande direktør i Helse Vest, Helge Bryne, ikkje vil stadfesta dette.
To millionar i året
Ein vikarstafett med gynekologar kjem til å ha ein prislapp på om lag to millionar kroner i året. Dette kostar difor like mykje som bemanninga ved fødeavdelinga i dag.