NRK Meny
Normal

Lærdal er vinnaren

Balestrand og Vik er blant taparane av kommunane.

Lærdal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kommunane i Sogn og Fjordane får samla sette ein vekst i dei frie inntektene på 8,4 prosent.

Dette er høgare enn på landsbasis der veksten er på 6,9 prosent.

Lærdal størst vekst

Olav Lunden som er leiar i Kommunenes Sentralforbund i Sogn og Fjordane, er positivt overraska over budsjettforslaget.

- Det er rimeleg klart at veksten for heile landet er god, og det er godt nytt at fylket har ein større vekst enn landsgjennomsnittet, seier Lunden.

18 av 26 kommuner i Sogn og Fjordane har ein vekst som er høgare enn veksten på landsbasis. Størst vekst har Lærdal kommune med 12,1 prosent.

Også Askvoll og Høyanger er blant vinnarane av kommunane i Sogn og Fjordane

Lågast vekst i Balestrand

Balestrand kommune har lågast vekst med 4,6 prosent.

Også Vik, Årdal, Aurland, Førde, Hornindal, Solund og Gaular har lågare vekst enn landsgjennomsnittet.

- Eg trur det er stort sett positive reaksjonar på statsbudsjettet. Den store utfordringa er uroa på finansmarknaden, så kommunane vil nok uansett få ein del utfordringar framover, seier Olav Lunden som er leiar i Kommunenes Sentralforbund i Sogn og Fjordane.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast