NRK Meny
Normal

Lærdal 14 dagar etter storbrannen

– Vi byrjar å få ei viss oversikt, men det er no arbeidet byrjar. Det er no vi må brette opp ermene, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Det har gått 14 dagar sidan storbrannen i Lærdal. Brannen med stor B, som for alltid vil bli hugsa av innbyggarane i Lærdal.

– Eg tenker litt på ein annan måte i dag, enn då eg stod midt oppe i krisa. I dag ser eg alle utfordringane som kjem

Til alt hell gjekk det ikkje liv i storbrannen, men 40 bygningar blei totalskadde, av dei 17 bustadhus. Mange miste alt dei eigde. Kor lang tid det vil gå før alt er tilbake til det normale tør Solheim nesten ikkje tenke.

Jan Geir Solheim

LÆRDAL 14 DAGAR ETTER STORBRANNEN: Ordførar Jan Geir Solheim.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Det går nok fort tre til fem år. Akkurat no kjem eg frå eit hus som ser fint ut på utsida, men som er totalt utbrent på innsida. Her regnar huseigaren med at det kjem til å gå eitt år før dei kan flytte inn igjen.

Tidkrevjande ryddejobb

I tillegg kjem den skjulte faren som lurer i mange av branntomtene, asbest. Det gjer at ryddearbeidet blir omstendeleg, og kjem til å ta lang tid.

– Det har blitt antyda at kanskje så mykje som 4000 kubikk må reknast som spesialavfall, og handterast deretter. Og då tar ting ekstra tid.

Det er mykje som må reparerast, alt frå gatelys til vatn og kloakk vart øydelagt eller fekk store skadar i brannen. Så er det spørsmålet kva som skal gjerast med dei kommunale bygga, og mange av dei private husa som skal gjennoppbyggast ligg i ei buffersona til verneområdet.

– Det er mykje å ta tak i, og så ynskjer vi og å legge til rette for utvikling. Så det går nok tre til fem år før vi er tilbake til normalen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.