Frå før har Førde ungdomsskule, Halbrend skule og Hafstad vidaregåande skule streika i halvanna veke. Men i dag råkar også streiken Mo og Øyrane vidaregåande skule og Førde Norsksenter.
Rektor Liv Horvei ved Mo og Øyrane vidaregåande skule seier elevane likevel må møte på skulen.
– Klassane er ulikt råka, alt etter kva lærarar som er tekne ut i streik. Det gjeld begge skulestadene våre, både Øyrane og Mo. Elevane har fått beskjed om å møte opp til dei timane der det er lærar.
To lærarar til tekne ut måndag
Men ho kan ikkje pålegge elevane å halde seg på skulen i dei timane dei ikkje har lærar.
– Kan det bli aktuelt å stenge skulen heilt dersom dette held fram?
– Det må vi ta etter kvart. No har vi fått varsel om at to lærarar til på Mo blir tekne ut frå måndag, og då går det særleg hardt ut over klassane der. Vi må ta det fortløpande og håpe på at partane blir samde så fort som mogeleg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: